Regjeringa vil auke leselysta blant unge
Barn og unge les mindre enn før. Det vil regjeringa gjere noko med og ber om innspel.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) og kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) samarbeider om ein leselyststrategi som skal få fleire til å lese meir.
PISA-undersøkinga frå 2018 viser at 15-åringar bruker mindre tid på å lese på fritida enn før.
68 prosent av gutane og 48 prosent av jentene oppgir at dei berre les viss dei må. Det var også ein tydeleg tilbakegang i leseferdigheitene.
Regjeringa ønskjer no innspel til kva som skaper ein kultur for lesing og inviterer til innspelsmøte.
Leselyststrategien skal vere klar på nyåret 2024.
Har du lyst til å lese meir? Her kan du lese bokmeldingar og her kan du bli betre kjent med ei rekkje forfattarar!