Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skrivekonkurransen «Heim» er eit samarbeid mellom Framtida.no, Magasinett, barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, Moster 2024, Kapabel Forlag og Barnebokkritikk.no.


«Lær den unge vegen han skal gå, så vik han ikkje av når han blir gamal» – Ordspråka 22,6.

«Barn hindrar ein i å tenkje så djupe tankar. Man kan ikkje forakte det liv man er bunde til med farskap» – Arnulf Øverland.


Lett å syte når din far

Sit lenge for å drite

Sleppe laus alt han har i seg

Alt som er fast, men slepp ikkje laus 

 

Eg er ikkje stadig heime 

Det er for kaldt for meg 

Mor er det lenge sia eg har helsa på 

No er det berre 

Far 

Meg 

Bussen skranglar. Eg veit at far 

Skal den andre vegen 

 

Eg må ringe han. Det er minusgradar. Trass i lågt batteri, må eg ringe han. Halde hovudet lågt. Eller kanskje berre han ikkje treng å heve sitt eige.

«Hei.»

«Hei.»

«Kvifor ringjer du, Nils?»

«Eg treng pengar, far»

«Kor skal du? Kor er du no? Eg trudde du sov?» 

«Eg skal på veg til skisenteret i Kongsberg». 

Frå̊ skranglinga til bussen høyrer faren sonen snakke om pengar. Han sit og ser ut på den grå vegen fram mot ingenting meir enn Oslo. Retter på sin eigen krage og ser på den smurde matpakka si. Ute er det minusgradar, store hus med røyk ut av pipa.

«Høyr her. Du må vete, Nils at eg, eg vil ikkje at du skal bruke pengar på slalåmski.» Han legg på. Faren sit og ser ut av vindauget.

 

Kvifor styrer 

Alltid fedrane 

Alltid pengane 

Når ingen spurte dei 

 

Det lét frå̊ bussen som ein abnorm kalv, rust og smuss køyrde faren mot noko han ikkje kunne, eller ville, men måtte. Han ringar Nils sin mor.

«Hei.»

«Hei, Klaus. Kva er det for noko no?» 

«Hei, Nelly. Nils vil gjerne dra på slalåmski, men eg sa han ikkje kunne». 

«Du, Nelly, han har ikkje betalt leige. Kva skal han gjere no? Eg veit ikkje (pause). Ja (pause). (Hjula på bussen blir slipa). Me har ikkje så mykje pengar. Du veit det. Han veit det. Eg kan ikkje drive og jobbe med Fredrik. Så fader meg mykje grums i avisa, å jobbe med han». 

Far opplevde å søkke. Han tenkjer på jobben. Fast i noko du må gjere. For å betale. Stadig betale. For så å svinne lenge borte frå̊ sin eigen heim.

Kvifor må min far 

Tære på seg sjølv 

For å bli ein del av noko som ikkje gir slepp på han før han er gamal 

Før all tida er borte 

«Ja (pause). Eg er einig, men Nelly, eg veit ikkje om eg stolar på han. Eg er jo veldig stolt av han». 

Bussen, forbi enda ein by. Tomme sommarhus. Tørre basseng. Aude, ubygd. Nokon kan ha vore der før, men dei har ikkje gjort noko stell. Alle er like store. Faren ser seg sjølv i det store vindauget i bussen. Det vesle ansiktet reflektert ovanfor husa.

«Men Nelly. Han, han veit ikkje korleis han brukar pengar. Hugsar du, ok, hugsar du turen til Sverige. Kem betalte for turen?». 

Eg veit ikkje om det er min eigen feil.

«Trur du verkeleg at han kjem til å betale deg tilbake. Eg har mast no i fleire veker. Han og Einar drog jo utan nokon pengar. Dei snylta deg og lærte ingenting av det. Eg veit ikkje om eg vil ha han buande her heime lenger». 

Der er Oslo, tenkjer faren. Eit steg opp.

Der er Kongsberg, tenkjer sonen. Eit steg ned.

«Ja (pause). Kunne han ikkje berre begynne å jobbe. Eg visste at han ikkje burde vere ute med vennene sine. Det er hasjen og det at han ikkje veit kva han vil. Same med Linda sin son, ja, ho frå̊ jobben, Rune. Han har enno ikkje fullført studiane sine. Han veit ikkje kva han vil. Kor han skal eller kven han er, men eg skjønnar det ikkje. Han har jo disiplin og ein god oppvekst. Berre å tenkje at Linda har arva mykje frå̊ faren. Likevel veit eg at han ikkje har gjort noko hittil. No studerer han sosialantropologi eller historie, eller noko sånn med menneskje». 

Eg kjenner Rune. Han er ein av dei mest gåverike menneskja eg kjenner. Ein dag då me var fulle mælte han ut 

At faren min var ein «Servus»

At han jobbar det dobbelte av arbeidsdagane til ein industriarbeidar i den tidlege industrielle revolusjon 

At eg måtte selje meg, ljuge og halde nokon for narr 

Neste gong eg søkte jobb

Noko du eigentleg ikkje ville

Gjere for din eigen skyld

Din skyld er pengane 

 

Det aukar i gradar og byen blir større. På veg mot ein stor bakke opp, stiger faren, nesten, i setet sitt, men søkk ned igjen i samtalen.

«Nelly. Eg orkar ikkje meir. Kva skal ein gjere for noko med han? Han er 26 år gamal og har ingen jobb. Ikkje nokon idear og skal stå på ski no. Han skal bruke pengar på noko han ikkje treng. Eg veit heller ikkje når han kjem heim. Veit du? Nei? Ok. Vel, ring meg om du veit det. Ha det». 

Veit ikkje kor lenge det er til eg kjem fram, men eg er heime om to timar.

 

Han ventar meg i bakken

Mens eg drar med bussen 

Bussen stoppar. Utanfor er det varmt, men det verkar kaldt 

 

Heime. På rommet mitt står splitter nye slalåmski eg ikkje visste eg hadde. På mobilen tikkar pengane inn og eg tar meg ein tur ned til butikken. Der møter eg Rune. Me tar oss eit grovt brød, ei pakke sild og ei flaske vin. Me deler det broderleg og drøymer om å reise frå̊ verdas lykkelegaste land.

Rune mæler med ekko frå̊ tida og sandkorna:

«Det finst ikkje anna lykke for menneskje her under bygningane, enn å ete og drikke og vere glad». 

Eg spør han om Marx skreiv det.