Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.04.2023 08:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert hjå Framtida Junior i høve kvinnedagen.

Det er mange kvinner som har hatt stor innverknad på utviklinga av teknologien me har i dag, men mange av dei høyrer me lite om.

Tre av dei er Ada Lovelace, Rosalind Franklin og Katherine Johnson. Utan desse, og fleire, hadde me ikkje hatt datamaskinar, forstått korleis DNA fungerer eller komme oss til månen.

Måleri av kvinne i staseleg kjole som held ei fjør

Ada Lovelace (1815-1852) portrettert i ca 1840. Illustrasjon: Alfred Edward Chalon / Science Museum Group

Verdas fyrste programmerar

Ada Lovelace vart fødd i 1815 i England. Sidan ho kom frå ein rik familie fekk ho god undervisning i matematikk.

Sjølv om datamaskinen ikkje var oppfunnen enno, klarte Lovelace å finna opp den fyrste algoritmen. Ho er mest kjend for å ha arbeidd med utviklinga av prototypen til ein av dei fyrste datamaskinane.

Lovelace greidde å skriva ein algoritme, ein beskjed til maskinen om kva han skulle gjera, og er difor rekna som den fyrste programmeraren, skriv The New Yorker.

Ada Lovelace såg potensialet til datamaskinar lenge før mange andre, og mange av idéane hennar blir framleis brukte i dag.

Kvinne ser i mikroskop

Rosalind Franklin fotografert i 1955. Foto: MRC Laboratory of Molecular Biology / Jenifer Glynn.

Påvisa korleis DNA ser ut

Rosalind Franklin (1920-1958) var ein britisk biofysikar som jobba med røntgenbilete.

Arbeidet hennar gav James Watson og Francis Crick bevisa dei trong for å påvisa korleis DNA er bygd opp. Watson og Crick vann Nobelprisen i medisin for denne oppdaginga.

Sjølv om arbeidet hennar var viktig for oppdaginga, vart ikkje arbeidet til Franklin anerkjend av Nobelkomiteen.

 

Sende folk til månen

Katherine Johnson (1918-2020) fotografert i 1983. Foto: NASA

Katherine Johnson (1918-2020) var matematikar og jobba for NASA på midten av 1900-talet. Ho gjorde eit viktig bidrag for å senda folk til verdsrommet.

Johnson arbeidde med Apollo 11-oppdraget, som sende dei fyrste menneska til månen i 1969.

På den tida måtte alle reknestykka gjerast for hand, ofte utan kalkulator.

I 2017 kom storfilmen Hidden Figures, der Katherine Johnson og to andre føregangskvinner i NASA er portrettert.


Foto: George Percival Baker/Falle i det fri, George Grantham Bain/Wikimedia Commons/Offentleg eigedom