Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg følte vel som mange unge gjorde på den tida – at verda låg framfor føtene på meg. 

Det skriv framstegspartileiar Sylvi Listhaug i ein e-post til Framtida.no.

I år markerer Framstegspartiet 50-årsjubileum. 8. april 1973 vart nemleg forløparen Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (ALP) stifta. Vi har teke eit tilbakeblikk i livet til partileiaren deira i dag, Sylvi Listhaug (45).

Då framstegspartileiaren var 20 år gamal, studerte ho allmennlærarutdanning på Høgskulen i Volda. 

Sylvi Listhaug talar på Frp sitt landsmøte i 2022. Foto: Framstegspartiet

– Gjorde ikkje så mykje ut av meg

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Nei, men eg var heilt sikker på at eg skulle finne på noko spanande. Eg visste vel allereie då at eg ikkje kom til å jobbe som lærar.

Listhaug fullførte likevel utdanninga og jobba eit år i skulen, før ho byrja å jobbe med politikk på Stortinget. Ho var optimistisk med tanke på framtida, og gleda seg til å byrje å jobbe på heiltid.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Det veit eg faktisk ikkje. Eg gjorde ikkje så mykje ut av meg eigentleg.

Bygninga til Volda lærarskule.

Sylvi Listhaug studerte ved lærarskulen i Volda då ho var 20 år gamal. Foto: HVO/Karl August Swanstrøm

Farmor på loftet

Allereie som 20-åring følgde Listhaug mykje med på nyheiter, og i 1997 var det òg stortingsval.

Elles hugsar ho at Noreg på denne tida var gode i fotball, og det var folk opptekne av.

– På fritida var det fotball som gjaldt. Eg hadde ikkje starta med politikk aktivt enno, men meldte meg inn i Framstegspartiets Ungdom då eg var 17 år. Først året etter reiste eg på mitt første møte i Oslo, fortel Sylvi Listhaug i ein e-post til Framtida.no.

Sylvi Listhaug i starten av sin politiske karriere, i 2003. Foto: Thomas Bjørnflaten / SCANPIX

I feriar og helgar arbeidde ho på ein aldersheim.

Den viktigaste personen i livet til Sylvi Listhaug på den tida, var farmora som budde på loftet i oppveksten hennar.

– Eg hadde eit veldig nært forhold til henne og ho var ein viktig grunn til at eg engasjerte meg i politikk. Det var eldreomsorg som var den viktigaste saka.

Sylvi Listhaug som byråd for helse, eldreomsorg og sosiale tenester i Oslo i 2008. Her saman med kronprinsesse Mette-Marit og dagleg leiar Liv Jessen ved Pro Senteret. Foto: Morten F. Holm / NTB

Framtidsoptimisme

Sylvi Listhaug hugsar 1990-åra som ei tid då optimismen var stor.

– Den kalde krigen var over og verda hadde «opna opp», minnest ho.

Året etter at ho fylde 20, var ho på sin andre tur til USA.

Elles blei det lese mykje pensum i perioden ho studerte.

– Men eg har elles alltid vore ein lesehest. På 90-talet las eg mange klassikarar som Anna Karenina og Krig og Fred av Lev Tolstoj og Bakom synger skogene av Trygve Gulbranssen, og dessutan bøker av Sigrid Undset som Kristin Lavransdatter for å nemne nokon.

 Og på musikkfronten var det ein sjanger som skilde seg ut. 

– Eg høyrde mykje på technomusikk på denne tida, minnest ho.

Bokomslag: Solum Bokvennen, Gyldendal, Aschehoug

– Ingenting kjem av seg sjølv

Frp-politikaren minnest året ho var 20 som ei kjekk tid der ho var mykje saman med vener

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Eg har bursdag 25. desember og vi hadde familieselskap. Elles var det fest med vener. På den tida var det ein krevjande dag å ha bursdag på. Det var ein stille og roleg dag.

Om ho skulle gitt eit råd til 20 år gamle Sylvi Listhaug, hadde det vore det same som ho har levd etter heile tida: Ingenting kjem av seg sjølv, men av hardt arbeid.

– Og ver tolmodig. For ei utolmodig sjel er kanskje det vanskelegaste.


Til venstre ser vi 20 år gamle Siv Jensen. Foto: privat/Framstegspartiet