Gnagarane gjer sitt for å hindra at Russland går til åtak på Ukraina frå belarusisk side.
Andrea Rygg Nøttveit

Beverane i Ukraina har noko overraskande blitt ein alliert i kampen mot dei russiske innvasjonsstyrkane, melder nyheitsbyrået Reuters.

Det var VG som først omtala saka i Noreg.

Beverane har som vanleg bygd demningar i området rundt grensa til Belarus. Det har ført til overflaumde elver, tjukk gjørme og overflaumde åkerar som gjer det lite sannsynleg at det vanskeleg å koma fram. Det er difor lite sannsynleg at det vil koma eit russisk angrep frå belarusisk side.

I nordvest har Ukraina ei lang grense til Belarus. Presidenten i Belarus, Alexander Lukasjenko, har tette band til Russlands president Vladimir Putin.

Belarus er det einaste europeiske landet som støttar Russland. Ukraina har difor frykta at dei kan verte angripne òg frå belarusisk side.

Men ifølgje Serhiy Khominskyi, som er talsmann for ei gruppe som forsvarar området kalla Volyn heilt nordvest i Ukraina, har dei fått hjelp av beverane.

– Når beverane byggjer demningane sine, blir dei vanlegvis øydelagd av menneske, men det gjorde dei ikkje i år på grunn av krigen, så no er det vatn overalt, seier han til Reuters.


Les også: Redda forlatne løveungar frå Ukraina

Dr. Andrew Kushnir tok seg av løveungane i Poznan-dyrehagen i Polen. Foto: Holly-Marie Cato/IFAW
ANNONSE