Satiriks-profil om aprilspøkar: – Google har øydelagt ein del

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Humorforskar om aprilsnarr: – Vanskeleg å definere humor og satire i ein tidsalder prega av falske nyheiter

Mann i svart t-skjorte

Kai Hanno Schwind trur det er fleire grunnar til at aprilspøken til dels har forsvunne frå norske medium. Foto: Kristiania/Dueland

– Eg trur det er fleire grunnar til at aprilspøken til dels har forsvunne frå norske medium. På den eine sida har ein allereie gjort alle typar aprilsnarrar som finst og folk er førebudde. På den andre sida går aprilspøken inn i ein diskurs om at det er vanskeleg å definere humor og satire i ein tidsalder prega av falske nyheiter.

Det seier humorforskar og medievitar Kai Hanno Schwind til Nynorsk pressekontor.

Det er uklart korleis aprilspøken oppstod.

Ein vanleg teori er at han stammar frå 1582 då katolske land gjekk frå den julianske til den gregorianske kalenderen. Då blei det bestemt at nyttårsdagen skulle leggjast til 1. januar, og ikkje 1. april.

Ein del franskmenn retta seg ikkje etter påbodet frå paven og heldt på den tradisjonelle nyttårsfeiringa 1. april. Dei blei då kalla for «narrar» og utsette for narrestrekar.

Vinmonopolkøen

Også aprilspøkar i massemedia har lange tradisjonar. Best kjend her heime er kanskje historia som Aftenposten trykte i 1950 om billigsal på vin på Vinmonopolet.

Folk vart oppmoda til å møte fram med bøtter og spann, og det var det mange som gjorde – til stor fryd for dei vinmonopoltilsette som tok dei imot.

Svart/kvitt-bilete av personar i kø utfor Vinmonopolet

Ein av dei mest kjende aprilspøkane i norske aviser var då Aftenposten hevda at det var gratis drikke å hente på Vinmonopolet i 1950. Då stilte mange seg i kø. Spøken blei òg gjentatt fleire gonger seinare. Her er eit bilde frå 1. april 1969 der folk står klare til å hente gratis drikke. Foto: Foto: Henrik Ørsted – Oslo museum/Oslobilder.no

I dag er det derimot få aprilspøkar i media som får spesielt mange til å bite på kroken.

– Eg trur Google har øydelagt ein del. Med ein gong ein kan søkje og finne ut at ingen andre skriv om det, så forsvinn jo effekten. Det kunne ein ikkje før, seier manusforfattar og komikar Markus Gaupås Johansen til Nynorsk pressekontor.

Nyheitsframside med bilete av mann med trillebår

Aprilspøkar i avisene har lang tradisjon i Noreg. Her er det ein som har klart å lure avisa med deira eigen aprilspøk. Foto: Skjermdump frå originalutgåva

Humoren endrar seg

Johansen har lang fartstid i humorfaget. Han har jobba med satire i mange år og har òg skrive boka «Hva er humor». Komikaren meiner at aksepten for humor generelt har gått gjennom ei endring dei siste åra.

– Før var det feitt å utfordre. Ein skulle skape debatt med det ein laga. Det var ikkje om å gjere å treffe alle, men å få gjennomslag i offentlegheita og skape debatt. No skal humoren derimot passe for alle og treffe breitt, seier han.

Gaupås trur det er sunt for eit samfunn at det meste kan seiast gjennom humor.

– Skarp humor er ein måte å lufte frustrasjonen på. Noko som eg i det lange løp meiner vil hindre konfliktar. Humor er ein sosial mekanisme – eit alternativ til vald. Rett å slett ein mild måte å få ut frustrasjonen sin til andre på. Det er bra å vitse om ulikskapar og politiske meiningar hos kvarandre, for alternativet er ofte verre, seier komikaren.

Han trur norske aviser kunne gjort mange andre grep enn å fjerne aprilspøkane for å bli tatt meir seriøst.

– Dei kunne for eksempel kutta i clickbaiten. Om ein ikkje vil bli tatt på å lage falske nyheiter bør ein i alle fall slutte å lokke folk inn til sakene sine med halvsanningar som eigentleg ikkje har nokon samanheng med det som eigentleg står i artikkelen.

Bilete av avisframside med tittelen "Føler seg trakka på av kommunal aprilsnarr"

Aprilspøkar kan provosere og føre til eigne nyheitssaker i etterkant. Foto: Skjermdump frå avisa

Demokratisk problem

Kai Hanno Schwind ser òg den fallande satsinga på aprilspøkar i eit breiare perspektiv.

– Viss ein ser aprilspøken i samanheng med korleis ein framstiller satire i media generelt ser vi at sjangeren blir nedprioritert. Tar ein til dømes karikaturteikningar, som òg går inn under denne sjangeren, blir dei òg nedprioriterte. I 2019 kvitta New York Times seg med dei politiske karikaturteikningane av ulike grunnar. Men det var tydeleg at dette var noko dei ikkje vil ha, fortel Schwind.

Han konkluderer med at dette i det lange løp kan bli eit demokratisk problem.

– Det ser ut til at det blir vanskelegare å vanskelegare å ha ein satirisk kompetanse i samfunnet – både hos redaksjonane og mediehusa, men òg til ei viss grad hos publikum. Eg trur vi må vere litt observante på å ikkje unngå ting fullstendig med grunnlag i at vi ikkje forstår det. Det er slik satiren skal fungere, den skal gå over grensene for å vise kvar grensene går. Samstundes skal den vere tvitydig, uklar og den skal provosere. Vi må kunne tillate det som eit demokratisk verktøy i samfunnet og media har eit ansvar der, seier humorforskaren.


Les også: Falskt bilete av paven i Balenciaga-jakke går viralt: – Skremmande

Gammel mann med pave-kallott i ei stor, kvit boblejakke og kjede med kross rundt halsen

Desse falske bileta av pave Frans i ei Balenciaga-jakke har gått viralt. Bileta er laga av ein amerikanar ved bruk av eit kunstig intelligens-verkty kalla Midjourney. Foto: Reddit