Historisk gode aprilsnarrar – frå dragar til flygande pingvinar

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert i Framtida Junior. Der kan du mellom anna lesa om kven som «rumpa» brunosten og ninjalego!

Tradisjonen for fant og moro 1. april er gamal, og utbreidd over heile Europa og Nord-Amerika.

Me har samla fire av dei aller beste aprilsnarrane gjennom historia. Kanskje nokre av desse kan gi deg inspirasjon når du skal ut på lure-tokt i dag?

1. Flygande pingvinar

1. april 2008 publiserte britiske BBC ei reportasje frå Antarktis. Der hadde dei oppdaga ein pingvinkoloni som kunne noko heilt uvanleg – nemleg å flyga!

I reportasjonen fortel programleiaren Terry Jones at pingvinane flaug tusenvis av mil til Sør-Amerika, i staden for å overvintra i Antarktis.

Videoen gjekk viralt, og er ein av dei mest sette på internett.

Her kan du sjå reportasjen:

2. Hopp og svev!

1. april 1976 gjekk den kjende britiske astronomen Patrick Moore ut og sa at det kunne bli mogleg å oppleva ei unik astronomisk hending heima i stova. Hendinga skulle gå føre seg på ein spesiell dag og til eit spesielt tidspunkt.

Ifølgje Moore skulle Pluto passera Jupiter på ein slik måte at me på jorda ville kunne oppleva ei kjensle av å sveva. Hoppa ein eksakt klokka 09.47, ville ein oppleve denne merkelege kjensla av å sveva.

Og gjett om folk hoppa! Radiostasjonen der spøken vart formidla, har fortalt at dei fekk fleire telefonar frå folk som meinte at dei følte at dei sveva i det gitte tidsrommet.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

3. Klimaendringar vekkjer drakar frå dvalen

I 2015 gjekk forskning.no ut med ei urovekkande nyheit. Dei skreiv at forskarane Andrew J. Hamilton, Robert M. May og Edwars K. Waters hadde funne ut at drakar verkeleg levde.

Men ikkje nok med det. Dei hadde også funne ut at dei truleg berre hadde gått inn i ei lang dvale, og at dei kom til å dukka opp att når forhalda vart betre.

Grunna den globale oppvarminga, meinte dei at dei kom til å vakna i løpet av kort tid.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

4. Spaghettihausting i Sveits

BBC er gode på aprilsnarrar, for det er dei som står bak denne klassikaren også. I 1957 viste dei ein TV-reportasje, som tok sjåarane med til Ticino i Sveits.

Der får me sjå kvinner som haustar spaghetti frå trea, og som feirar avlinga med ein skål og eit velsmakande måltid med nettopp spaghetti.

Sjå innslaget her: 

Kjelder: Forsning.no, www.hoaxes.org, klikk.no

LES OGSÅ: «Må grava opp Ivar Aasen»: Her er dei seks beste aprilsnarrane frå Framtida.no

KVA TIPPAR DU? – Sjå på dei, då! seier Rolf Køpslirpa om likskapen mellom Jon Fosse (t.v.) og Ivar Aasen (t.h.). FOTO: Samlaget/Wikipedia