Satiriks klaga inn til PFU – publiserte nynorske utdrag frå manifestet til ABB i kommentarfelta til Resett.no

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettstaden Resett.no har henta inn advokat John Christian Elden for å klage NRK inn for PFU (Pressens Faglige Utvalg) etter eit Satiriks-innslag.

– Saka inneheld ikkje humor eller satire, og må vurderast på linje med ei ordinær nyheitssak, skriv John Christian Elden i klaga til PFU, ifølgje Journalisten.

Publisert under aliaset Jan A. Johansen

Satiriks-redaksjonen publiserte nynorske omsetjingar av tekstutdrag henta rett frå manifestet til Anders Behring Breivik i kommentarfeltet til nettstaden. Kommentarane vart signerte den fiktive personen Jan A. Johansen. Alle kommentarar vart godkjente av moderatorane til nettstaden, ifølgje NRK.

Elden meiner praksisen er eit brot på Ver varsam-plakatens punkt 3.10 om bruk av falsk identitet.

NRK vil ikkje kommentere

Prosjektleiar Stig Morten Lorentzen Waage i NRK Satiriks seier redaksjonen har notert seg klaga.

– Vi tar til etterretning at Resett har klaga oss for brot på VVP. Vi kjem ikkje til å kommentere saka før den eventuelt blir behandla i PFU, seier han.

Les også om Dagbladet, som er er klaga inn til PFU og foreslått til ny Gullbarbie for sin omtale av intimkirurgi:

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Mina Vinje, meiner overskriftene om intimkirurgi tyder på at Dagbladet ikkje har lært etter at dei vart kåra til årets Gullbarbie i 2016. Foto: Press/Dagbladet