Dyrehage let folk kalle opp kakerlakkar etter eksen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du ber nag heller enn kjærleik denne valentinsdagen, så har ein dyrehage i Texas løysinga for deg.

San Antonio Zoo let nemleg folk døype ein kakerlakk etter eksen, før han så vert dyremat.

Kakerlakkar, gnagarar og grønsaker

Kampanjen er del av den årlege innsamlinga Cry me a Coackroach, der dyrehagen samlar inn pengar som skal sikre dyrelivet i Texas og elles i verda.

Om det er ein kakerlakk som skal bere namnet til den du er forbanna på, så kostar det deg 10 dollar.

For halvparten av prisen, kan du gje namn til ein grønsak. For 25 dollar er det ein gnagar som får nytt namn, før han vert eit måltid.

Ifølgje CNN fekk San Antonio Zoo 8000 donasjonar i fjor, frå 50 amerikanske statar og over 30 ulike land.


Illustrasjon: Kate U/Canva. Kollasj: Framtida.no