Forfattarane sine boktips til påska 2023

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ung mann med langt hår og strikka klede

Cornelius C Steinkjer Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/Cappelen Damm

– Eg har stor respekt for arbeidet som ligg bak god krim, men det er ikkje ein sjanger eg er spesielt begeistra for, medgjev Cornelius Steinkjer til Framtida.no.

Forfattardebutanten, som er aktuell med romanen Sorl, er ikkje utelukkande negativ til sjangeren, men forklarar på e-post at det skal mykje til før han blir nyfiken.

Grafisk roman og klassisk krim

Me har bede han dela sitt beste lesetips for påska 2023 – uavhengig av sjanger. Han løftar fram Sigbjørn Lilleeng sin teikneserie Inntrenger, som er basert på Bing & Bringsværd sitt manus for TV-serien Blindpassasjer.

– Denne grafiske boka koste eg meg med ein føremiddag påska 2021. Inntrenger kombinerer både science fiction og krim, så eg var litt skeptisk, men etter å ha opna den blei den ikkje lukka før siste rute var lese. Elles er André Bjerkes (skrive under pseudonymet Bernhard Borge) De Dødes Tjern ein klassisk krim til glede for nye lesarar.

Er du ein krimfantast? Test deg sjølv i vår store krimquiz!

Kvensk litteratur til påske

M. Seppola Simonsen fekk nyleg Tarjei Vesaas’ debutantpris 2022 for diktsamlinga Hjerteskog – Syđänmettä.

Favorittkrimmen til den kvenske poeten frå Senja er den du finn på mjølkekartongane frå Tine.

– Eg skal vera ærleg og seia at eg ikkje eigentleg les krim. Eg ser det gjerne på TV, og er då ein fan av britisk politikrim, men det er mykje anna eg heller les. I påsken har eg likevel tenkt å lese Mikael Niemi sin Koke bjørn, men meir for den nordlege og historiske konteksten si skuld enn krimmen.

M. Seppola Simonsen (23) debuterer med diktsamlinga Hjerteskog/ Syđänmettä. Foto: Heidi Furre. Omslag: Flamme forlag. Kollasj: Framtida.no

M. Seppola Simonsen meiner påsken 2023 er eit ypparleg høve til å lesa litt kvensk litteratur.

– Om ein er ute etter familievennleg litteratur kan eg anbefala teikneserien Nils og Magga, på norsk, kvensk, eller samisk, som glir glatt inn i hyttetur og skiferie. Er ein ute etter litt spenning så kan nok Sepp – En biografi om Leonhard Seppala av Nina Kristin Nilsen vera midt i blinken. Og sist, men ikkje minst er kioskromanserien Raija av Bente Pedersen relansert i år, så ein kan kosa seg med eit klassisk nordisk romansedrama om ein så måtte ønskja.

Dødeleg drikkelag og historie frå grava

Forfattar og bibliotekar Robin Van de Walle medgjev at han les ganske lite krim, fordi han ikkje synest det er så interessant å lese om drap og politietterforsking.

– Men eg kan setja veldig pris på ein historisk thriller, eller litt meir utypiske krimforteljingar, som Rosens navn av Umberto Eco, som startar med at ein munk blir drepen på eit italiensk kloster på 1300-talet. Den boka er ikkje berre spennande på grunn av drapet (eller drapa, for det sluttar ikkje med den eine munken), men òg fordi den skildrar klosterlivet på mellomalderen på så truverdig vis.

Forfattardebutant Robin Van de Walle er oppvaksen i Belgia, flytta til Oslo i 2014 og vidare til Bergen under pandemien. foto: Helge Skodvin/Cappelen Damm

Trass i at krim ikkje er favorittsjangeren, har bibliotekaren eit par ess i ermet.

– Den første er ein klassikar: The Secret History av Donna Tartt. Den handlar om ei gruppe gresk-studentar ved eit prestisjefylt amerikansk universitet, som organiserer eit bakkanal til ære for Dionysos. Drikkelaget sporer heilt av, og endar med eit grufullt drap.

– Mitt andre tips er ein annan utypisk krimroman: Kjærlighetens Antarktis av Sara Stridsberg. Den startar med at ei ung kvinne blir drepen og partert, og det interessante er at historia blir fortalt frå den døde kvinnas ståstad. Dette er ein mørk, men veldig poetisk forteljing, som ikkje handlar så mykje om kven som er drapsmannen, men om korleis jenta fekk ein så tragisk skjebne.

Blond kvinne

Bokaktuelle Sophia Saenger. Foto: Anna-Julia Granberg/Blunderbuss/Cappelen Damm

Sally Rooney – på engelsk

Heller ikkje forfattar Sopia Saenger, som er aktuell med romanen Kjære bror, lille søster, har eit tett forhold til krimsjangeren.

– Eg er glad i psykologiske, spennande romanar med eit godt plot, men må innrømma at eg har lese lite innanfor krimsjangeren.

Ho tipsar om å bruka den første vårtida til å lesa noko romantisk.

– Eg er veldig glad i bøkene til Sally Rooney, og tilrår dei om ein har lyst til å lesa upolerte romantiske bøker. Spesielt dei to første, Conversations With friends og Normal people, skriv Saenger, som meiner bøkene bør lesast på engelsk.

– Om du har lyst til å lesa ein skikkeleg guffen bok tilrår eg Samleren av John Fowles.

Kollasj med sørkoreansk kvinne og blond kvinne

Forfattar Sophia Saenger (t.h) likar godt bøkene til koreanske HanKang. Foto: Park Jaehong/Pax Forlag og Anna-Julia Granberg/Blunderbuss. Omslag: Cappelen Damm. Kollasj: Framtida.no