Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mi første bok frå vaksen-avdelinga på biblioteket var Amuletten fra Samarkand av Jonathan Stroud. Boka i seg sjølv var ikkje revolusjonerande, sjølv om ho var veldig god, men opplevinga av å lese ho var formativ.

Det fortel forfattar M. Seppola Simonsen (23) på e-post til Framtida.no. Boka er den første i Bartimeus-trilogien, om den 5.000 år gamle ånda Bartimeus og tenåringstrollmannen Nathaniel.

Endå 23-åringen likar å lese poesi, og nyleg også har begynt å få augo opp for kortromanar, så ligg framleis fantasysjangeren nært åt hjarte.

– Aller best likar eg å kunne forsvinne inn i ei fantasy-verd. I det siste har eg føretrekt fantasy med kvinneleg hovudkarakter, og aller helst historier som ikkje er så eurosentriske.

Debuterer med kvenske dikt

Omslag: Flamme Forlag

M. Seppola Simonsen (23) debuterte nettopp med si første bok Hjerteskog/Syđanmättä. Diktsamlinga granskar kvensk identitet og språkløyse i Noreg, og dikta brukar også kvenske ord.

– Det er litt av intensjonen at lesaren skal lese dikta, og ikkje forstå dei kvenske orda. Då står lesaren i den same posisjonen som det kvenske folket: Ein kjenner på at ein ikkje forstår teksten, sjølv om han spelar ei rolle i livet ditt, sa debutanten i eit intervju med Vårt Land.

Kvenar er ein nasjonal minoritet i Noreg, og vart i likskap med samar utsette for ein omfattande fornorskingspolitikk av staten. Kvensk vart forbode i skulen, og nedsetjande haldningar førte til at mange heldt stilt om identiteten sin.

Oldemora til Seppola Simonsen var kvensk, og hadde kvensk som morsmål, men fortalde det ikkje til nokon. Først då Seppola Simonsen var 15 år, vart forfattaren klar over sin kvenske arv.

Om debutboka skreiv meldar Thula Kopreitan hjå NRK at ho var eit startskudd for kvensk litteratur, og for Seppola Simonsen sitt forfattarskap «som har gode utsikter».

Framtida.no har teke ein kik i bokhylla til forfattaren: 

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg har ofte eit par bøker på nattbordet om gangen, i tillegg til ein bunke med skulebøker. No for tida ligg She who Became the Sun av Shelley Parker-Chan, på toppen. Under kan ein finne A Psalm for the Wild-Built av Becky Chambers.

 Kor les du?

– Eg les mest heime, i senga eller på sofaen. Eg skulle ønske eg kunne lese på reise, men eg vert fort bilsjuk.

Kva bøker vart lesne til deg som liten? Og kven las?

– Mamma, pappa og bestemor las alle til meg, og ofte! Det var ofte fantasy det gjekk i – Harry PotterNarniaEragon. Eg høyrde òg mykje på lydbok saman med systera mi.  Ruben Eliassen sin Phenomena var favoritt.

Omslag: Tor/Forge

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– When the Tiger Came Down the Mountain av Nghi Vo. Vo skriv så vakkert og gjennomtenkt, og historiene hennar er fulle av liv. Sjølv veit eg ikkje om eg hadde kunne konstruert ei så kompleks forteljing på så få sider. Alle burde unne seg å lese ho.

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Stone Butch Blues av Leslie Feinberg er nok ikkje undervurdert, men kanskje underlesen? Om det var opp til meg, ville denne boka vore obligatorisk lesnad!

 Kva meiner du gjer ei bok god?

– Naturleg og stemningsfylt språk, interessante karakterar og ein god flyt og rytme. Når ein reduserer det såpass høyrest det nesten lett ut å skulle vere forfattar.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Det vert lett ein karakter frå den siste boka eg har lese. Eg ser mykje av meg sjølv i Zhu Chongba frå She Who Became the Sun. Eg vil også seie at alle karakterane i teikneseriesamlinga The Essential Dykes to Watch Out For av Alison Bechdel er lett for meg å relatere meg til, men spesielt Mo.

Kva forfattar daud eller levande ville du invitert på middag?

– Leslie Feinberg ville fått ein invitasjon frå meg! Det er få menneske eg heller skulle møtt enn hen.

Leslie Feinberg gav ut boka Stone Butch Blues i 1993. Boka har vorte hylla for å vere eit av dei viktigaste bidraga til skeiv litteratur. 
Foto: Leslie Feinberg/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Om eg berre skulle lese éin forfattar måtte det i så fall ha vore ein med mange bøker under beltet. Terry Pratchett kanskje?


Ella Marie Hætta Isaksen får Zola-prisen for å ha vist stort mot i kamp mot urettferd. Foto: Sara Angelica Spilling

M. Seppola Simonsen

Alder: 23

Frå: Senja

Utdanning: Bachelor i engelsk litteratur og spansk, og tek for tida ein bachelor i sosiologi

Yrke: Student på fulltid!

Kor mykje les du sjølv? Prøver å få til rundt 30!