Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg les stort sett kvar dag. Nokre bøker blir slukt, andre treng eg lenger tid på å fullføra. På eit år blir det vel mellom tretti og førti bøker, litt avhengig av kva eg lese og kva forfattarar som opptek meg mest i den perioden.

Det skriv Sophia Saenger i ein e-post til Framtida.no. 

31-åringen romandebuterte i fjor med Ingenting her tilhører meg, som skildrar eit ujamt maktforhold mellom ein 15 år gamal elev og ein vikarlærar.

Også hennar nye bok Kjære bror, lille søster handlar om tabubelagde tema, og skildrar eit tett og spesielt forhold mellom to fostersøsken.

Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren:

Nattbordslektyren

Forfattaren sjølv kan lesa kor som helst, men gjerne liggande i senga eller på eit teppe i sola med ein god kopp kaffi ved sidan av.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt? 

– Bøkene Løpe ulv av Kerstin Ekman og Farvel til våpnene av Ernest Hemingway ligg på nattbordet mitt akkurat no. Farvel til våpnene er eg snart ferdig med. Løpe ulv er så vidt byrja på.

Omslag av bøkene "Løpe ulv" av Kerstin Ekman og "Farvel til våpnene"

Forfattaren les hovudsakeleg skjønnlitteratur og vel ofte romanar kor handlinga ikkje er spesielt hyggeleg.

– Nokre gongar blir det litt mykje litteratur i den ubehagelege retninga, og der det fint å vega opp med noko som er meir humoristisk, men aldri utan alvor. Eg les mest utanlandsk samtidslitteratur, men prøvar å bli flinkare til å lesa fleire av de klassiske verka og norsk samtidslitteratur.

Frå Maria Gripe til Mette Newth

– Kva bøker vart lese til deg som liten?

– Eg var veldig heldig med at det var mange vaksne rundt meg som las for meg då eg var lita. Mamma og pappa har alltid lest for meg og søskena mine, og det har besteforeldra mine også. Bestemor min var i tillegg veldig god til å finna opp eigne historier som ho fortalde til oss. Bøkene til Maria Gripe var gjengangarar, spesielt hugsar eg at boka Glassblåserens barn gjorde veldig stort inntrykk på meg og bror min. Elles gjekk det mykje i Astrid Lindgren, Roald Dahl og gamle folkeeventyr.

Det var mange klassikarar blant bøkene Sophia Saenger høyrde som liten. Her er svenske Astrid Lindgren og britiske Roald Dahl. Foto: Ukjend og Carl Van Vechten

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Fleire bøker gjorde inntrykk på meg i tenåra. Men den første som gjorde ordentleg inntrykk på den tida var kanskje, Det mørke lyset av Mette Newth. Handlinga føregår på 1800-talet og handlar om Tora på 14 år som blir spedalsk og livet hennar som utstøytt. Ho blir sendt til ein heim for spedalske kor ho får ein spesiell relasjon til ei vaksen dame fraå ein adeleg familie som mellom anna lærer Tora å lesa. Ei utruleg fin og forferdeleg bok som eg las fleire gonger om att då eg var tenåring.

– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive? 

– Det er fleire bøker eg les kor eg tenkjer: Så fantastisk å kunna skriva slik! Det vil eg òg få til. Den siste boka eg hadde den opplevinga med var vel kanskje, Vi drog opp med mor av Karin Smirnoff. Heile den trilogien trefte meg veldig, men spesielt denne, som er nummer to i trilogien om Jana Kippo var utruleg god.

Sørkoreansk perle

Kva som gjer ei god bok, synest Saenger er eit veldig vanskeleg spørsmål.

Portrett av sørkoreansk kvinne

Den sørkoreanske forfattaren Han Kang er ein favoritt. Foto: Park Jaehong/Pax fForlag

– Men generelt sett synest eg bøker blir gode når ein merkar at forfattaren er litterært uredd. Når forfattaren verkeleg tør å betrakta eit tema frå ulike vinklar utan å leggja band på seg og lata seg avgrensa av frykt eller ubehag. Det blir det ofte god litteratur av synest eg.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Eg synest forfattarskapet til den koreanske forfattaren Han Kang ikkje har fått nok merksemd i Noreg og Europa elles. Eg elskar bøkene hennar, men det er diverre få av dei som er omsett til norsk eller engelsk og det synest eg er utruleg synd. Håpar på at fleire av dei blir omsett i framtida.

Foreldre/barn-relasjon

Saenger kjenner seg nesten alltid igjen i nokre av aspekta ved ein bokkarakter.

– Å få leseran til å kjenna seg att i ein eller fleire av karakterane er ofte det som gjer at ei bok blir interessant, synest eg. Nyleg las eg Veien av Cormac McCarthy, og då kjente eg meg veldig att i relasjonen som skildrast mellom forelder og barn. Eg har sjølv eit barn på same alder som barnet i boka, og det forsterka nok inntrykket boka gjorde på meg.

Ei rekkje av klassikarane frå den prislønte amerikanske forfattaren Cormac McCarthy har vorte filmatiserte med stor suksess. Foto: David Styles

Skulle ei av dei to romanane hennar blitt filmatisert, meiner Saenger at det måtte blitt sisteboka.

–  Kjære bror, lille søster er kanskje den av dei to som hadde eigna seg best på lerretet. Eller kanskje den hadde teke seg betre ut som teaterstykke? Kven som skulle spelt hovudrollene måtte eg ha overlate til nokre som har betre greie på slikt trur eg.

Middag med Fay Weldon

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Om eg skulle invitert ein forfattar på middag hadde det kanskje vore Fay Weldon. Trur det kunne blitt ein skikkeleg morosam fest, og så hadde eg kanskje ikkje trengt å vera ansvarleg for å halde praten gåande.

Mann med slips held eit magasin og snakkar med ei engasjert dame

Professor Gerard Casey og forfattar Fay Weldon fotografert under TV-programmet After Dark i 1997. Foto Wikimedia Commons

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Et umogeleg spørsmål! Kanskje Ian McEvan, men herregud så trist.


Kollasj med aria Horvei framfor ein bjørkeskog

Maria Horvei er forfattar og forlagsredaktør. Foto: Erika Hebbert. Omslag: Gyldendal. Kollasj: Framtida.no.

Sopha Saenger

Alder: 33

Frå: Oslo

Utdanning: Master i religionshistorie

Yrke: Forfattar

Bibliografi: Ingenting her tilhører meg (2022), Kjære bror, lille søster (2023)