Då eg var 20: Simon Nitsche såg Obama i levande live
Simon Nitsche visste allereie kva han skulle bli då han var 20.
– Eg og Emil Gukild heldt på å stryke i eit kommunikasjonsfag. Men vi klarte å redde det inn siste dagen med ein song til læraren. Ganske absurd, umodent og gøy på same tid.
Det skriv Simon Nitsche om det sterkaste minnet frå då han var 20.
Nitsche er programleiar og sportsjournalist, Skal vi danse-vinnar, og har i desember vore å sjå på 24 stjerners julekalender på NRK.
Drøymde om OL og VM
Då han var 20, visste Nitsche allereie kva han skulle bli. Han studerte journalistikk på Høgskulen i Volda, og brukte dagane på å studere og leve livet på Sunnmøre.
– Eg var ganske bestemt på å bli reporter/journalist. Eg hadde allereie jobba som frilansar i Sandefjords Blad, og drøymde om å jobbe med OL og VM, skriv han i ein e-post til Framtida.
Simon Nitsche
- Fødd: 1992
- Yrke: Journalist/Programleiar
- Frå: Sandefjord
- Plassering i Skal vi danse: Vinnar
- Aktuell med: 24 stjerners julekalender (fram til han rauk ut 16. desember)
På talkshow i USA
Ved sida av studia var han oppteken av å spare på pengane. Han skulle nemleg på utveksling til USA, noko han også gjorde det året han var 20.
USA-opphaldet baud på eitt av dei sterkaste minna det året. Nitsche var publikum på The Tonight Show med Jay Leno i Burbank i California. Akkurat den dagen hadde programmet ein stor overraskingsgjest i studio: Dåverande president Barack Obama.
Same haust tok Obama attval til Det kvite hus.
– Eg hugsar det meste handla om Obama dette året, skriv Nitsche.
Offensiv og uredd
– Dei viktigaste personane i livet mitt på den tida var vel kanskje foreldra mine. Det var mange «finne seg sjølv»-aktige telefonar heim, og mykje dårleg råd, minnest Nitsche.
Han fortel at han var veldig positiv til livet og framtida.
– Eg var offensiv og uredd, og det er eg glad for i dag. Samstundes var eg godt førebudd, så den litt cocky framtoninga i til dømes jobbintervju, vart heldigvis forsvart med noko vettugt, skriv han.
– I alle fall litt.
Litt naiv
Den største frykta til Nitsche var sjukdom, men han frykta lite på den tida. Han oppsøkte aldri veldig farlege situasjonar, og han er ikkje nevrotisk.
Om han i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring, ville han tenkt at unge Simon var ubekymra, men kanskje litt naiv.
– Eg ville sagt: Du kan mindre enn du trur, det er lov å seie nei, integritet er bra, men aldri bli sjølvhøgtideleg heller. Det kler deg ikkje.
Få minne frå 20-årsfesten
Ved sida av studia lytta Nitsche til Avicii, såg på How I Met Your Mother og las Jo Nesbø.
Sjølve 20-årsdagen til Nitsche vart feira med fest i kollektivet til ein kompis i Oslo.
– Meir hugsar eg ikkje, skriv han.
På den andre sida var jula det året minnerik:
– Jula vart feira heime med familien etter fire månader i USA. Det hugsar eg som ekstra koseleg, minnest Nitsche.