Fifa-rapport: Kjempevekst i salet av kvinnelege fotballspelarar
Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) la torsdag fram den årlege rapporten sin om overgangsmarknaden. Konklusjonen er at salsinntektene for kvinnelege spelarar har skote i vêret.
I 2018 vart det i alt seld spelarar til og frå klubbar i kvinnefotballen for 0,6 millionar dollar, medan summen var på 3,3 millionar i 2022.
Berre det siste året har det vore ei stigning på 62 prosent. Det vart i fjor registrert 1555 overgangar, men i dei fleste tilfelle skjedde det utan at det vart lagt pengar på bordet.
– Alt dette speglar dei store stega som har vorte tekne. Stadig fleire kvinnelege spelarar blir profesjonelle, konstaterer Emilio Garcia Silvero i Fifas juridiske avdeling.
Julie Blakstad bytte i fjor vinter ut Rosenborg med Manchester City. Ifølgje trønderklubben var det største salet i historia frå Toppserien.