Programleiaren studerte journalistikk i Volda og blei ven med Simon Nitsche.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg hadde store ambisjonar og drøymde om å bli talkshow-vert.

Det minnest Emil Gukild (32) om kva planar han hadde for livet som 20-åring.

Sjølv om han kanskje ikkje kan skilte med sitt eige talkshow (enda), har det blitt mange tv-innslag på NRK-profilen. Gukild er kjent frå mellom anna NRK Sport, Kjendis-VM, 71 grader nord – team og podkasten Skiklubben. Snart skal han leie sjåarane gjennom ski-VM-sendingane frå Trondheim, og han debuterer som skodespelar i serien Flukten fra Bolivia.

Emil Gukild og Ida Nysæter Rasch skal vere programleiarar frå langrennsarenaen, medan Andreas Hagen er programleiar i hoppbakken under ski-VM i Trondheim. | Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Studerte i Volda

Emil Gukild vart fødd i Texas i USA og vaks opp i Moss. Då han var 20 år, hadde programleiaren flytta til Volda i Møre og Romsdal.

– Eg studerte journalistikk, laga student-TV og prøvde å finne meg sjølv, fortel han i ein e-post til Framtida.no.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Vi fekk raskt beskjed om at det var tøft å få seg jobb etter studiet. Eg bestemte meg raskt for å jobbe hardt og gi alt.

Heimlengsel og ny ven

Emil Gukild sakna gamle venar og Moss.

– Eg trur eg prøvde å kvele heimlengselen med Harry Potter og Robbie Williams, svarar han om kva han såg og lytta på som 20-åring.

Foto: Privat

Men i Volda fekk Gukild ein ny ven i Simon Nitsche, som også vart den viktigaste personen for han på den tida.

– Vi blei raskt venar i løpet av det første halvåret i Volda og eg trur ikkje at eg hadde overlevd der utan han.

Dei har begge blitt programleiarar og sportsjournalistar. Simon Nitsche fortalde òg om venskapet med Gukild då han svara i Då eg var 20-spalta til Framtida.no.

– Eg og Emil Gukild heldt på å stryke i eit kommunikasjonsfag. Men vi klarte å redde det inn siste dagen med ein song til læraren. Ganske absurd, umodent og gøy på same tid, kunne Nitsche avsløre.

Rompa mi på bursdagen

Emil Gukild hugsar lite av kva som skjedde utanfor Volda i februar 2012, då han fylte år. 20-årsdagen har han derimot klart i minnet.

– Eg hadde besøk av ein venegjeng frå Moss og såg D.D.E. på Studenthuset Rokken. Eg fekk synge Rompa mi med Bjarne Brøndbo oppe på scena. Minne for livet.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Usikkerheita rundt det å ha flytta heimanfrå, ta høgare utdanning og prøve å finne vegen vidare i livet.

Om NRK-profilen hadde møtt seg sjølv som 20-åring, hadde han tenkt at «han der stressar for mykje».

– Slapp av, ta det med ro. Dette ordnar seg, er rådet han ville gitt seg sjølv.

På 20-årsdagen i 2012 var Emil Gukild på scena med D.D.E på Rokken i Volda. Her er trønderbandet fotografert i 2021. | Foto: Annika Byrde / NTB