Vil bygga med poteter på Mars

Forskarar ved Universitetet i Manchester har laga eit nytt materiale som dei vil bruka til å bygga bygningar på Mars.

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Materialet er kalla «StarCrete», eit ordspel på det engelske ordet for betong, og er laga av utanomjordisk støv, potetstivelse og salt, fortel Universitetet i Manchester.

Materialet er dobbelt så sterkt som betongen me har på jorda. Det må det vera for å halda seg heilt under trykket frå den tunge atmosfæren på Mars.

Ei hand held ein mørkebrun kloss.

Stjernebetongen toler mykje meir enn vanleg betong. Foto: Aled Roberts / The University of Manchester

Laga eige Mars-støv

Sidan støv frå Mars er vanskeleg og dyrt å få tak i, måtte forskarane laga kunstig Mars-støv for å utvikla materialet.

Målet deira var å laga ei oppskrift på betong som blir lett å laga når astronautar skal i gang med å byggja forskingsstasjonar på andre planetar.

Dei fekk òg til å laga StarCrete med støv frå månen. Den var enda sterkare enn den med støv frå Mars.


Bilete av overflata på Venus. Ho er oransje og ein kan sjå noko som liknar ein vulkan.

Venus si overflate. Foto: NASA/JPL-Caltech