Vulkanar på Venus er aktive

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.

Forskarane har sett på data frå eit gammalt romfartøy som har avdekt ny kunnskap om planeten Venus, skriv NPR.

Det er fyrste gong forskarar har sett direkte bevis på at vulkanane på Venus si overflate er aktive.

Ekstremt trykk, giftig atmosfære og temperaturar rundt 475 grader gjer det vanskeleg for menneske å utforska Venus.

Sjølv om det er klart at planeten har vulkansk aktivitet, veit me ikkje enno kor aktive vulkanane er.

Robert Herrick, ein av forskarane ved University of Alaska Fairbanks, rekna med at det kan gå alt frå eit par månadar til fleire titusen år mellom kvart utbrot.


  • Les også:

Seks galaksar funne med Webb-teleskopet: – Det tidlege universet er eit freakshow