Helsepolitisk talsperson for SV Marian Hussein seier til Dagbladet at ordninga blir endra etter at Tannlegeforeningen varsla at dei ville klage Noreg inn for Esa.
– Foreininga meiner det å rulle ut velferd til unge menneske i ei dyrtid ikkje var etter deira smak, seier Hussein til Dagbladet.

75 prosent støtte opp til 24 år
I budsjettforhandlingane mellom SV og regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart det vedteke ei utviding av tannhelsereforma. I utgangspunktet skulle alle unge opp til 26 år få halv pris ved fylkeskommunal tannbehandling.
Endringa inneber at støtta skal aukast til 75 prosent for unge opp til 24 år, men dei eldste fell likevel utanfor ordninga.
- Les også meiningsinnlegget: «Tannbleiking – kroppspresset ingen snakkar om»

Oppdatert:
fredag 24. mars 2023 11.39