Fann svar på Beethovens helseproblem

Marie Knutsen Bruntveit
Publisert

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om Hudhayfah (13) som skal faste under ramadan.

Ludwig van Beethoven er ein av verdshistorias største komponistar. Beethoven er kjend for å halda fram med musikken sjølv etter han blei funksjonelt døv.

Frå brev og dagbøker veit me at Beethoven syntest det var svært vanskeleg å mista høyrsla. Han hadde stor lidenskap for musikk og var redd for å ikkje kunne høyra på eller laga nye stykke.

Vart veldig sjuk

Komponistens siste ønskje var at sjukdomen hans skulle bli studert for å spara andre frå å lide slik han gjorde. I mange år var det umogeleg å finna ut kva som låg bak helseproblema hans, men med ny teknologi kan me få innblikk i det genetiske materialet til komponisten.

Portrettmåleri av Beethoven.

34-år gamle Beethoven måla av W. J. Mähler. Komponisten døydde då han var 56 år. Offentleg eigedom, via Wikimedia Commons

No har forskarar gjort nettopp det. Dei har henta ut DNA frå håret hans for å læra meir.

– Me vil kasta lys på Beethoven sine helseproblem, som omfatta tap av høyrsle, fortel Johannes Krause, som er ein av forskarane bak oppdaginga til CNN.

I tillegg til tapet av høyrsla er det kjent at Beethoven leid av problem med fordøyinga. Han vart òg ramma av leversjukdomen gulsott i dei siste åra av livet.

Fann nye spor

For å testa DNA-et trong forskarane prøvar av det biologiske materialet til Beethoven. Heldigvis hadde komponisten gjeve lokkar av håret sitt til vener og familie.

Dei starta med åtte hårprøvar, men fann ut at to av dei ikkje kom frå Beethoven og at ein var for skadd til å kunne brukast.

Forskarane kunne ikkje finne eit endeleg svar frå hårprøvane dei analyserte. Høyrsletapet og mageproblema blir verande mysterium, men DNA-et gav hint til bakgrunnen for leverproblema.

Krause fortel at dei fann genetiske risikofaktorar for leversjukdom og bevis på infeksjonen hepatitt B i dei genetiske materialet.


  • Les også:

Forskar serverte 55.000 år gammalt kjøt i middagsselskap