«No er det diktatorar og andre autoritære leiarar som er i fleirtal»

Selma Bratberg og Martine Billing
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribentane sine meiningar.

Sjå for deg at vitnemålet ditt plutseleg «forsvinn» etter at du har delteke i ein demonstrasjon.

At politiet plutseleg bankar på døra til foreldra dine og spør kvifor barnet deira som engasjerer seg i klimadebatten lagar så mykje trøbbel.

Eller at du blir kasta i fengsel fordi du demonstrerte mot å betala store summar for å gå på skulen.

Det høyrest ikkje så sannsynleg ut om ein studerer i Noreg, men alt dette er døme på overgrep som studentaktivistar verda over blir utsette for dagleg.

I rapporten «Activism under Attack» ser vi nærare på angrep mot studentaktivistar i ei rekkje land. Frå Storbritannia som gjer det vanskelegare for studentorganisasjonar å få pengestøtte, til Zimbabwe som lagar eigne lover for å innskrenka handlingsrommet til kritiske organisasjonar.

Autoritære krefter vinn fram

Dei siste tiåra har vore prega av at stadig fleire lever i demokrati. Den trenden har no stoppa opp og snudd – no er det diktatorar og andre autoritære leiarar som er i fleirtal. Ifølgje forskingsorganisasjonen V-Dem lever over 70 prosent av verdas befolkning no i autokrati.

Dette betyr ikkje alltid at ein ikkje får lov til å stemma i desse landa. Ofte er det nettopp valde leiarar som tek grep for å endra landets lovverk slik at dei kan sikra meir makt til seg sjølv, og mindre til folket. Dei avgrensar mediefridomen, forbyr kritiske organisasjonar og gjer det dei kan for å generelt stilna kritiske røyster. Og når dei har klart alt dette, då er det lett for dei å òg vinna val eller til og med avskaffa dei.

Fordi studentaktivistar ofte er blant dei som går i front for protestane når utviklinga går i meir autoritær retning, er dei også utsette for åtak frå autoritære leiarar. Vi ser at det som skjer på campus ofte endar med å gje ringverknadar til resten av samfunnet.

Bruk fridomen din!

Det beste vi kan gjera for å styrka demokratiet er ved å delta aktivt sjølv. Bruk retten din til å stilla kritiske spørsmål i førelesing eller i skuletimen om korleis de lærer og kva de lærer, eller kva som helst. Delta aktivt i ei studentforeining. SAIH er ei av mange organisasjonar som har lokallag på dei fleste lærestader.

Og til sist, vis solidaritet og bidra til å løfta merksemda rundt menneskerettsbrot som skjer verda over.


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Ella Marie Hætta Isaksen på siste dag av Fosen-demonstrasjonen. Foto: Jannicke Totland/Natur og Ungdom/CC BY-ND 2.0