Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.12.2023 15:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var ein troubled og svartkledd tenåring, så eg elska bøkene til Synne Sun Løes, følte meg veldig sett i dei.

Forfattar og fotograf Mariell Øyre tenkjer tilbake på bøkene som gjorde inntrykk på ho, då ho var tenåring. I tillegg til Sun Løes-bøker, las ho Sylvia Plath sin The Bell Jar om og om igjen.

Prisnominert

Mariell Øyre er i desse dagar aktuell med biletboka Bestefar og Miri, som òg sikra ho ein nominasjon i Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur.

Tidlegare har ho gjeve ut romanen & me skal bli omskapte saman med ektemannen Jostein Avdem Fretland, som ho òg driv bakeri i Lærdal med.

Om ei av bøkene hennar skulle nådd storskjermen, drøymer ho om å sjå Bestefar og Miri få liv.

– Eg trur det kunne vore magisk. Så da er det vel eigentleg Borghild Fallberg, illustratøren, som spelar hovudrolla? Men stemma til bestefar … det måtte bli Trond Halstein Moe. Han er operasongar som har jobba med mannen min, og eg kunne høyrt på han prate om oppvasktablettar i ein halvtime utan å kjede meg, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Framtida.no har kika i bokhylla til forfattaren:

Boka som fekk Mariell Øyre til å grine var The Terrible av Yrsa Daley-Ward. Calypso av David Sedaris fekk ho til å le. Ho vart sint av Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof. Boka Bröd och mjölk av Karolina Ramqvist fekk ho til å tenkje. 

Quirks og rare hjernar

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

The Swimmers av Julie Otsuka (som eg slit med). Little Weirds av Jenny Slate (som eg elskar).

Øyre les mest på sofaen og i senga, men så fort det er varmt nok i lufta sit ho ute så lenge ho kan – i alle fall medan ungane ikkje ser ho.

– Kva bøker les du helst?

– Les så mange samtidsromanar, likar når ein hoppar litt i perspektiv eller tid, likar når forfattaren sine quirks eller hyperfikseringar får skinna gjennom i litterære karakterar. Elskar essays der eg får komma inn i ein rar hjerne, der føler eg meg heime.

Lærte seg bøker utanåt

Som liten vart det klassiske barnebiblioteket lese for Mariell Øyre. Det vart bøker frå både Astrid Lindgren, Roald Dahl, Anne-Cath Vestly og Karsten og Petra-serien.

– Foreldra mine las mykje til meg, til eg klarte å lese sjølv. Eg lærte meg bøker utanåt så eg kunne spele dei av i hovudet utan vaksenhjelp, (og no gjer seksåringen min det same).

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Når det er tysdag ettermiddag og eg er sliten og ikkje vil lage middag og ikkje vil at nokon skal sitte på meg, då er eg Mummipappa. Når eg føler at livet ikkje gir plass til skrivinga mi, då er eg figuren ART MONSTER i Dept. of Speculation av Jenny Offill.

Besett av Claire Keegan

– Kva meiner du gjer ei bok god?

– Når språket, handlinga og karakterane sine indre motivasjonar driv lesinga framover, og ein er nøydd til å lese vidare, men samtidig gruar seg til det er over, og ein kjenner det kalde vakuumet der boka var, når den siste sida er ferdiglesen.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

– Alt som Nicole Krauss har skrive! Og Dept. of Speculation av Jenny Offill.

– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

Akkurat no er eg fullstendig besett av Claire Keegan, som eg ikkje har høyrt så mykje om i Noreg enno. Men ho var nettopp kortlista til Booker-prisen, så undervurdert er ho jo ikkje, berre at langt fleire burde lese ho. Small Things Like These er ei flis av ei bok som eg måtte tvinge meg sjølv til å bruke tid på fordi ho gav meg så mykje.

Irske Claire Keegan debuterte med novellesamlinga Antarctica i 1999. Ho har vunne ei rekkje prisar, og er omsett til 14 språk. Foto: Murdo McLeod. Omslag: Aschehoug

Helle Helle, resten av livet

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Olga Ravn. Me skulle drukke mange drinkar og ete ostesmørbrød!

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt, kva forfattar?

– Brutalt! Kanskje Helle Helle, så lenge ho heldt fram med å skrive bøker?


Les intervjuet: Ophelian (24) etterlyser større samisk breidde i populærkulturen

Frå Samisk Hus i Oslo der Ophelian står framfor eit veggmåleri.

TRADISJONELT TIL MODERNE: Ophelian James Lucretius (24) vil ha meir variasjon i kva vi får sjå av det samiske. Foto: Åshild Slåen

Fakta

Namn: Mariell Øyre

Alder: 32

Frå: Årdal i Sogn

Utdanning: Nope

Yrke: Forfattar, fotograf og gründer

Kor mykje les du sjølv? ca. 20 bøker i året post kids