Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 21.11.2022 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde hatt ein idé ei stund om ein skapning som likar å ete forferdelege folk på same måte som ein ostekjennar elskar å ete dei ostane som stinkar mest, fortel forfattar Jack Meggitt-Phillips på e-post til Framtida.no. 

Boka hans Beistet og Bettina var den mest lesne debutboka for barn hjå Deichman i 2021, og forfattaren har blitt samanlikna med J. K. Rowling og Roald Dahl. 

– Det er ekstremt smigrande. Så stas at eg fryktar eg kan raudne kinna mine heilt av i glede. 

Beist på loftet

Bøkene Jack Meggitt-Phillips har skrive handlar om 511-åringen Ebenezer Tweezer som har eit beist på loftet. Ebenezer matar beistet, og blir løna med fantastiske gåver. Men beistet blir grådigare og grådigare, og vil ete eit barn.

Då den walisiske forfattaren skulle skrive boka, starta han med beistet, men det var først då han innsåg at det måtte vere med nokon som kunne mate beistet at historia verkeleg kom til live.

– Då eg kom på den forfengelege, umodne, men på ein eller annan måte framleis litt likandes karakteren Ebenezer Tweezer, fall alt på plass.

Ville bli Spider-Man tidsherre

Sjølv om Meggitt-Phillips i dag er ein suksessrik forfattar, var det noko heilt anna han drøymde om å bli som liten. Han ville nemleg helst bli ein tidsherre frå Doctor Who med Spider-Man sine nyttige krefter. 

– Men etter at eg ikkje klarte å klatre opp nokon veggar, eller finne ein einaste Dalek å veive med ein skrutrekkar til, bestemte eg meg for å skrive som ein plan B. 

– Men eg har framleis ein skrutrekkar i pennalet mitt, i tilfelle universet skulle ringe.

Jack Meggitt-Phillips drøymde om å bli ein tidsherre frå serien Doctor Who. Doktoren brukar ein sonisk skrutrekkar som eit av hjelpemidla sine. Dalekane er skurkar i serien. Foto: BBC

Framtida.no har kika i bokhylla til forfattaren: 

Kor mykje les du?

– Eg har utvikla ein uvane med å lese om lag to tredelar av ei bok, og verkeleg nyte ho, før eg ganske omsynslaust forlèt heile greia. Eg les ei handfull bøker i månaden, men fleire armlengder med påbyrja bøker i året. 

Denne boka fekk meg til å:  

…gråte: Generelt er eg ein hjartelaus type som veldig sjeldan har høve til å bruke tårekanalane – spesielt rundt bøker. Stoner av John Williams var likevel nær ved å presse nokre kjensler ut av meg.  

…le: P. G. Wodehouse er med rette heilt øvst på lista til einkvar komediekjennar. Bøkene hans er den beste måten å ta ein ferie frå livet på, utan å nokon gong måtte flytte baken frå lenestolen. 

…sint: Uriah Heep er ein av dei best skrivne og mest irriterande skurkane som nokon gong er blitt skriven. Eksemplaret mitt av David Copperfield er ganske forslått og bulkete etter alle gongane eg sint har kasta det gjennom rommet. 

…tenke: The Island of Dr Moreau har dvelt ved meg, som eit tilbakevendande mareritt, heilt sidan eg las ho for to år sidan. Alt av H.G. Wells har ein tendens til å få tankane mine til å surre, men eg trur dette må vere den beste i bunken. 

Omlag: Cappelen Damm / Aschehoug / SD Books / Alma Books Ltd

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Eg har utvikla ei urovekkjande fiksering på skumle noveller. Eg vil spesielt anbefale ei bok som heiter Cursed Bunny av Bora Chung. Tittelhistoria i samlinga er noko av det beste eg har lese på lenge. 

Omslag: SD Books

Kva bøker les du helst?

– Eg elskar å lese handlingsdrivne historier – alt som dveler i rommet mellom det rampete og det makabre. Viss eg ikkje gispar eller guffar når eg les ei bok, så likar eg nok ikkje det eg les så godt.

Kvar les du?

– Toget, stranda, soverommet mitt, i andre folks hagar – der eg kan, eigentleg. 

Kva bøker vart lesne til deg som liten?

– Foreldra mine er begge veldig teatralske lesarar. Eg har spesielt gode minne av at mor mi las The Wind in the Willows (Det suser i sivet), og at far min fortalde meg ein dårleg gjenfortalt, men forbetra versjon av Treasure Island (Skatten på sjørøverøya), etter minnet.

Omslag: Vigmostad & Bjørke / Offentleg eigedom

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg byrja å lese mykje viktoriansk litteratur rundt den tida eg var tenåring – The Strange Case of Dr Jekyll and Mr. Hyde, Sweeney Todd, og så vidare. Det er ein fascinasjon eg framleis ikkje har vakse frå. Dei fleste kveldar, kan eg bli funnen gispande under ein lyktestolpe av ei eller anna bok eg har byrja på som gir frysningar nedover ryggen.

Kva bok skulle du ønske du hadde skrive?

– A Christmas Carol (Eit juleeventyr). Det er den perfekte boka – som seier så mykje om livet med så få ord, og med ekstra spøkelse. Hovudpersonen i Beistet og Bettina heiter Ebenezer Tweezer, som som eit nikk til Mr. Dickens.

Offentleg eigedom

Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?

– Det kjem til å høyrest ut som om eg er sarkastisk, men det finst faktisk ei svært rørande og velskriven barnebok som heiter The Day My Butt Went Psycho. Eg var mistenksam til min eigen bakende lenge før eg plukka opp denne boka, og det var spanande å ikkje berre få all frykta mi rettferdiggjort, men også forsterka. 

Denne boka meiner Jack Meggitt-Phillips er undervurdert. Omslag: Scholastic Inc.

Kva meiner du gjer ei bok god?

– Eg trur det viktigaste er å gje lesarane noko å sjå fram til – anten det er eit møte mellom karakterar, ei hending all handlinga byggjer opp mot, eller noko anna som byggjer spenning.

– Mange gode bøker byrjar med å gje eit løfte til lesarane på første side, og sluttar med å innfri dette løftet på den mest mogleg dramatiske måten på siste side – uansett om du skriv thrillerar, romantiske bøker, barnebøker eller noko imellom.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest att i?

– Eg skulle gjerne svart Bond eller The Scarlet Pimpernel. Men eg er redd eg er rundt 90 prosent Bertie Wooster – berre utan ein sjarmerande Jeeves som kan redde meg frå forviklingane mine med skurkeaktige tanter.

Bertie Wooster og Jeeves er karakterar i P.G. Wodehouse sine komediehistorier. Bilete: Arthur Wallis Mills – Offentleg eigedom, Wikimedia Commons

Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Eg held fram med å invitere Lemony Snicket på middag, berre for å bli fortalt gjentatte gongar at han er eit resultat av nokon andre sin fantasi. Eg vil likevel halde fram, og kanskje ein dag vil eg freiste han til bords med løftet om bresert oksekjake med fløytegratinerte poteter.

Omslag: Cappelen Damm

Jack Meggitt-Phillips fortel at om det ikkje var for Mr. Snicket, som er pseudonymet Daniel Handler brukte då han skreiv bøkene om Den onde greven, og som i tillegg er namnet på forteljaren i bøkene, ville han aldri ha byrja å lese, for ikkje å snakke om å skrive.

– Bøkene hans dryp av elende, ulukke og rein frykt – alle dei essensielle ingrediensane som trengst for å fengsle barn, og vise dei at lesing kan vere like spanande som den farlegaste og dårlegaste berg-og-dalbana.

Om du berre skulle lese bøker frå éin forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Omslag: Gyldendal

– Roald Dahl, for den store variasjonen av historier eg kunne gleda meg over. Eg ville vore like glad i å lese The Twits (Dustene) om att som å dykke ned i dei herleg djevelske bedriftene til den skitne Onkel Oswald.

Kven ville du sett i hovudrolla i filmversjonen av boka di? 

– Meryl Streep har eit enormt spenn, og eg høyrer ho er på utkikk etter ei ny skodespelarutfordring. Eg ville likt å lage ein film der ho spelar alle karakterane. Eg veddar på at spesielt beiststemma hennar hadde vore fantastisk. 

Fakta

Namn: Jack Meggitt-Phillips

Alder: 512 (ifølgje han sjølv)

Frå: Cardiff i Wales

Utdanning: Engelsk litteratur, University of Warwick

Yrke: Fulltidsforfattar og manusforfattar