Forskarar skal fange CO₂ med speglar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Sintef er blant dei som no jobbar med å byggje eit pilotanlegg for flytande sol. Dette er laga med ein spesiell teknologi som fangar såkalla konsentrert sol ved hjelp av speglar, skriv forskingsmagasinet Gemini.

Konseptet er laga slik at det kan roterast i vatnet ved hjelp av propellar, sånn at ein får best mogleg utnytting av sola, og fangar opp mest mogleg dagslys.

Den konsentrerte sola vil generere mykje varme. Denne varmen skal solanlegget samle opp ved å leggje ei væske inne i røyra med solceller.

– På anlegga for flytande sol i dag kjøler vatnet solcellene ned, og dermed mistar ein denne varmen. Dette anlegget vil derfor skilje seg ut ved å ta vare på varmen i tillegg til den elektriske straumen, forklarar Sintef-forskar Martin Bellmann.

Straum og varme frå solanlegget skal brukast i eit anlegg for CO₂-fangst. Ettersom varmen frå solanlegget ikkje får høg nok temperatur skal det også koplast på ei varmepumpe. Denne skal utviklast av Sintef Energi.

Prosjektet har ein totalkostnad på 19,3 millionar euro og involverer 28 partnarar, blant dei norske Sintef.


Illustrasjon: Canva/Framtida.no