Sápmis største artistar speler gratis i støtte til Fosen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samiske og norske arrangørar hiv seg rundt for å heidre reindriftsutøvarane på Fosen og aksjonistane som står i kampen med dei.

Nokre av Sápmis største artistar står på programmet i ein støttekonsert i Oslo fredag.

Støttekonsert for Fosen-aksjonen.

– Djupt provoserande å vere vitne til

Riddu Riđđu Festivála har tidlegare gjeve si fulle støtte til Fosen-aksjonistane. No går festivalen saman med Márkomeannu og Samisk Hus i Oslo for å arrangere ein stor støttekonsert på Riksscenen i Oslo førstkommande fredag. Konserten skal samle inn pengar til aksjonane.

– At ein ny generasjon ungdom framleis må kjempe for rettane sine til kulturutøving og eksistens er hjarteskjerande vondt og djupt provoserande å vere vitne til, seier Ane Ugelvik, som er festivalsjef i Márkomeannu.

– Kampen skulle vore slutt for lenge sidan

På programmet står nokre av Sápmis største artistar. Blant dei er Mari Boine, Marja Mortensson, Agnete Saba og Sara Marielle Gaup Beaska. Alle artistane speler gratis til støtte for Fosen. Festivalsjef for Riddu Riđđu Festivála, Sajje Solbakk, er klar:

– Eg skulle ønske dette var ein konsert eg aldri trong å arrangere, men som eg no sjølvsagt ser fram til. Kampen skulle vore slutt for lenge sidan, men her står vi. På fredag skal vi heidre og støtte Fosen-aksjonistane, reindriftsutøvarane på Fovsen-Njaarke og samisk kampånd!

Konserten har gratis inngang, men publikum blir oppmoda til å vipse ønskt sum til Natur og Ungdoms innsamlingsaksjon for Fosen-aksjonane.


Politiet ber bort aksjonistar utanfor Finansdepartementet 28. februar 2023. Foto: Natur og Ungdom