Hormonell prevensjon blir gratis for alle under 20 år
– Det skal vere trygt å ha sex i Noreg, og det skal staten sørgje for, seier stortingsrepresentant Even Røed frå Arbeidarpartiet til Dagbladet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mellom anna ved å gjere hormonell prevensjon gratis for alle under 20 år, fortel Røed til avisa.
Fram til i år var det opp til kvar enkelt kommune å stille med gratis prevensjon til ungdom. Gynekologspesialist Siri Kløkstad ved Sex og samfunn i Oslo er begeistra for tiltaket.
– Vi kan ikkje late som om personar under 16 ikkje har sex. Det viktigaste er å forhindre graviditet blant så unge folk, seier ho til Dagbladet.
Ho presiserer at dei ikkje gir prevensjon til jenter som ikkje har fått mensen.
– Berre personar som kan bli gravide får p-piller hos oss, seier ho.
Ap-representanten opplyser at regjeringa også vil styrkje seksualundervisinga i skulen.
– Det aller viktigaste for eit trygt og godt sexliv for unge er informasjon. Seksualundervisinga skal styrkjast, seier Røed og legg til:
– Arbeidarpartiet heiar på at unge skal ha så mykje trygg sex dei berre vil.