Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Jan Tore Norengs Gutta-serie finn me korte og actionfylte bøker. Ifylgje forlaget Gyldendal er dette ein «bokserie for gutter som har sluttet å lese bøker».

Tala er klare. Gutar les mykje mindre enn jenter. Det bør uroa oss.

Dessverre serverer nok Noreng og Gyldendal feil medisin.

Bøkene er rett og slett ikkje særleg engasjerande.

Minner om eit samandrag

Den nyaste boka i serien, Gangster, handlar om Sander. Han har slutta på skulen og brukar tida si på narkosal.

Det er eit bra utgangspunkt for eit velkomponert plott.

Problemet er berre at det er alt for lite kjøt på beinet.

Resultatet blir at boka minner meir om samandraget av ein roman enn ein faktisk roman.

Mykje tell, lite show

Stikk i strid med det klassiske skriverådet, er det mykje tell og lite show.

Til dømes blir dragnaden Sander har mot ei jente skildra med berre desse orda: «Han kjenner at han liker denne jenta.»

Det er så utruleg knapt! Ikkje eit einaste ord om korleis Sander opplever situasjonen. Korleis kjennest det ut i kroppen?

Eindimensjonale personar

Personskildringane blir òg halde godt under det absolutt minimumet.

Politifolka i boka er eindimensjonale og urealistiske. Samanlikna med desse, kan sjølv medlemmane i NNPF framstå som gjennomtenkte og ryddige – og det seier sitt!

Sjølv ikkje Sander blir me særleg godt kjende med. Dimed blir me likegyldige til skjebnen hans.

Og når Sander hamnar i livsfare er det vanskeleg å bry seg.

Må vera meir enn pappskal

Korleis kan ein få ikkje-lesarar til å bli lesarar?

Eg er overtydd om at svaret ikkje er å gje dei kjedelege bøker.

Forfattarar kan til dømes taka inspirasjon frå Jan Tore Noreng si bok #alfahann. Den boka vann Uprisen.

#alfahann er monaleg lenger enn bøkene i Gutta-serien. Men til gjengjeld er det meir innhald. Ein sit faktisk igjen med ei lesaroppleving, ikkje berre tidtrøyte.

Dersom bøkene er tomme pappskal, då er det ikkje rart TikTok vinn.


Illustrasjon: Mats Jonsson

Fakta

Tittel: Gangster

Forfattar: Jan Tore Noreng

Serie: Gutta

Forlag: Gyldendal

Utgitt: 2023

Sjanger: Spenningsroman for ungdom