Forfattaren skulle gjerne sett Stranger Things-stjerna i rolla som gitarspelande tenåring.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Skyggefødt hadde blitt ein bra skrekkfilm, kanskje med Charlie Heaton (Jonathan Byers i Stranger Things) i hovudrolla som Jon, for han kan spela gitar på ordentleg.
Forfattar Jan Tore Noreng har rekt å gje ut åtte bøker, og om ei av dei skulle verta film hadde valet falle på grøssaren frå 2014.
Skyggefødt følgjer fire ungdommar på flukt som finn husrom i ein nedlagt gard. Men det viser seg at det allereie bur noko der, i skuggane.
Hundrevis av bøker
Forfattaren frå Bardufoss i Troms debuterte i 2011 med barneboka Dødens skole. I 2016 fekk han Uprisen for ungdomsromanen #Alfahann.
I desse dagar er han bokaktuell med ungdomsromanen Gangster, tredje boka i Gutta-serien.
Nereng les sjølv endelaust med barne- og ungdomsbøker, for akkurat no er han medlem av Vurderingsutvalet for barne- og ungdomslitteratur i Kulturrådet.
– Det blir mykje! Hundrevis! Har byrja å lytta på lydbøker, for å få litt vaksenlitteratur inn.
Me har teke ein kikk i bokhylla til forfattaren.

Jan Tore Noreng er lettrørt og gret av nesten alle bøker med litt kjensler i.
Lydbok i grillhytta, jacuzzien og bilen
På nattbordet til Jan Tore Noreng ligg det ikkje særleg mange bøker, fordi han heller les andre stader. Lydbøkene går ned på høgkant i grillhytta, i jacuzzien eller i bilen.
– Kva bøker les du helst?
Fantasy-draum
Som liten høyrde han gjerne på høyrespel på radioen og i tenåra var det bøkene til Saabye Christensen, og Insektsommer av Knut Faldbakken, som gjorde inntrykk.
– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?

Jan Tore Noreng skulle gjerne ha skrive J.K. Rowling sine bøker om Harry Potter.
Bøker som festar seg
– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Kva meiner du gjer ei bok god?

Jan Tore Noreng kjenner seg att i Ingvar Ambjørnsen sin populære karakter Elling, her spelt av Per Christian Ellefsen. Foto: Foto: Virra Dahl/Maipo Film&TV-produksjon
– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?
Atwood og Hamsun
– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Margaret Atwood.

Forfattar Margaret Atwood. Foto: Mark Hill/Flickr
– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Knut Hamsun.
Jan Tore Nordeng
Alder: 54
Frå: Oppvaksen på Bardufoss, Indre Troms
Utdanning: Lærarutdanning
Yrke: Forfattar