Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den svenske teikneserieskaparen Mats Jonsson tek utgangspunkt i si eiga familiehistorie for å fortelja soga om den svenske staten og samane.

Det viser seg nemleg at farfaren til Jonsson heile sitt liv bar på ein løyndom: Han var av samisk ætt.

Kva gjer dette med Mats Jonsson sin identitet? Er også han same? Og kvifor valde farfaren å halda sanninga om opphavet sitt skjult?

Desse spørsmåla får Jonsson til å nausta opp i historia til samene i Sverige. Resultatet har blitt den grafiske romanen Da vi var samer.

Illustrasjon frå “Da vi var samer”. Illustrasjon: Mats Jonsson

Boka er både eit utrykk for skaparen sine eigne opplevingar og ein dokumentasjon av det kulturelle folkemordet som skogsamane blei utsette for.

Solid utført

Da vi var samer let det ikkje vera igjen mykje tvil kring faktumet at Jonsson kan handverket å laga teikneserier. Boka er solid utført.

Magnus Rotevatn gjev terningkast 6 for idé, 4 for språk, 5 for illustrasjonar og 6 samla sett.

Komposisjonen er særleg imponerande. Det er fleire trådar Jonsson skal halda orden på. Mellom anna freistar han å fortelja om eigen samiske idenitet, kvifor farfaren skjulte at han var same, fleire hundre år med slektssoge og forholdet med den svenske staten og det samiske folket.

Heldigvis har Jonnson alle verke­midla til teikneserie-mediumet i verktøykassa si. Han let scener gli inn i kvarandre. Frå ei rute til ei anna, kan me hoppa mange hundre år i tid. Og han kan plutseleg byta forteljarpossisjon – eller kanskje til og med bruka fleire på ei gong.

Det er ein fest for både auge og sinn!

Illustrasjon frå “Da vi var samer”. Illustrasjon: Mats Jonsson

Syta for at samiske røyster blir høyrde

Da vi var samer viser både kva teikneseriar og autofiksjonen kan romma. 

Dette er ikkje berre underhalding – men også blodig alvor. 

Boka har ein misjon om folkeopplysing. Lesarane skal bli kjent med den samiske historia. Jonsson meiner at det han kan gjera for Sápmi er nett det å fortelja. Altså syta for at dei samiske røystene blir høyrde.

Han set òg fokus på at alt ikkje er fryd og gammen i våre dagar. Til dømes får me veta at Sverige ikkje har skrive under på uforlkserklæringa til FN.

Illustrasjon: Mats Jonsson

Bør bli lese i heile Norden

Det er altså eit lite meisterverk Mats Jonsson har laga. Boka bør bli lese av folk i heile Norden. Openbert fordi ho fortel ein del av vår felles historie med ofte har vore tagale om. Men òg fordi teikneserien er stor kunst i seg sjølv.

Da vi var samer tåler godt å bli samenlikna med det beste Europa og Amerika har produsert i same sjanger – som til dømes Maus av Art Spiegelman og Heimat av Nora Krug.

Kort oppsumert, så er det berre å rydda plass i den nordiske teikneseriekanonen.


Les også bokmeldinga av diktsamlinga Bjørnholt vgs: – Moderne heimstaddikting full av innsikt 

Sarah Zahid er aktuell med boka Bjørnholt vgs. Omslag: Flamme Forlag. Foto: Heidi Furre

Da vi var samer

  • Forfattar: Mats Jonsson
  • Originalspråk: Svensk
  • Omsetjing: Rune Rogndokken Moen
  • Forlag: Gyldendal
  • Utgitt: 16. januar
  • Sjanger: Teikneserie