Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 10.02.2023 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

28. september 2022 deler artisten Shervin Hajipour (25) låten «Baraye» på Instagram.

I løpet av to dagar vert videoen sett av 40 millionar menneske.

Så vert den iranske artisten arrestert av politiet, skulda for «propaganda mot regimet» og for å «oppfordre til vald». Han vert lauslaten mot kausjon, men risikerer seks år i fengsel.

Søndag kveld vart han historisk, då han vann Grammy for låten.

Hymna for protestbølgja

Hajipour er den aller første vinnaren i den nyoppretta kategorien «Beste song for samfunnsendring».

115.000 forslag vart sende inn til kven som skulle få prisen. Heile 95.000 av desse nominerte «Baraye».

– Denne songen vart hymna i Masha Amini-protestane, eit mektisk og poetisk rop om fridom og kvinners rettar, sa Jill Biden frå scena.

Den amerikanske førstedama annonserte vinnaren, men Hajipour var ikkje sjølv til stades for å ta imot prisen. Han har ikkje har lov til å forlate Iran.

For kvinner, liv, fridom

Mahsa Amini ber det kurdiske namnet Jina Amini. Ho vart arrestert for å ikkje bruke hijab i tråd med lova i Iran. Foto: Familien til Mahsa Amini

Den iranske artisten skreiv songen i september i fjor, etter Mahsa Amini (22) døydde i politivaretekt. Ho vart arrestert fordi ho ikkje dekte til håret. Iransk lov krev nemleg at kvinner brukar hijab i det offentlege rom.

«Baraye» har vorte ein samlande song for dei tallause protestane som har spreidd seg i Iran i etterkant av dødsfallet.

Ifølgje organisasjonen Human Rights Activists in Iran har over 19.600 personar vorte arresterte i demonstrasjonane, som har spreidd seg til minst 164 byar i Iran.

Styresmaktene slår hardt ned på demonstrasjonane, og minst 527 personar har vorte drepne.

Songteksten til «Baraye» er bygd på Twitter-meldingar frå unge iranarar. Dei delte kvifor dei protesterer mot dei iranske styresmakter med emneknaggen #baraye, som tyder #for.

For dansing i gatene.

For frykta vi føler når vi kyssar.

For lengten etter eit vanleg liv.

For jenta som skulle ønske ho var fødd ein gut.

Songen sluttar med slagordet som har vorte synonymt med protestane: For kvinner, liv, fridom.


Situasjonen i Iran har ført til markeringar og protestar over heile verda. Her frå ein protest i Stockholm i oktober 2022. Foto: Artin Bakhan, Unsplash.com