Vekas viktigaste: Ukraina-støtte, historisk Grammy og jordskjelv

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Titusenvis døde etter kraftige jordskjelv i Tyrkia og Syria

Ein mann sit på ein stol medan maskinar grev i bakgrunnen.

Mehmet Nasir Duran, 67, sit på ein stol medan maskinar ryddar i dei kollapsa bygningane der fem familiemedlem sit fast. Frå Nurdagi, søraustlege Tyrkia, torsdag 9. februar 2023. Foto: AP Photo/Petros Giannakouris

Natt til måndag var det eit skjelv med eit utslag på 7,8 på richter-skalaen i Tyrkia og Syria. Eit så stort skjelv har ikkje vore i området på nesten 100 år. Det kom også fleire etterskjelv ut på dagen måndag. Hundrevis av bygningar har rasa saman både søraust i Tyrkia og nordvest Syria.

Torsdag var det stadfesta at 17 000 er omkomne som ein følgje av naturkatastrofen, men talet har stige i løpet av dei siste dagane. Verdas helseorganisasjon (WHO) seier at det kan vere så mange som 20 000 døde. I tillegg er det mange som er skada.

Det utfordrande vintervêret gjer det vanskeleg å kome til for å hjelpe. Over 20 land har lova å sende hjelp til Tyrkia. Syria har også bedt om hjelp, trass i at det er fleire sanksjonar på plass mot landet.

Om lag 300 000 personar har måtte flykte frå heimane sine i Syria, ifølgje statlege medium i hovudstaden Damaskus. Det er mindre oversikt over område i nordlege Syria som ikkje er under statleg kontroll, men det er rapportert om omfattande øydeleggingar og fleire hundre døde.


Noreg skal bidra med 75 milliardar til Ukraina

Statsminister Jonas Gahr Støre på veg inn til møte om Ukraina-støtte.

Statsminister Jonas Gahr Støre på veg inn til møte om Ukraina-støtte med finansminister og parlamentariske leiarar 6. februar. Foto: Peter Mydske/Stortinget

Dei neste fem åra skal Noreg støtte Ukraina med 15 milliardar kroner, som til saman blir 75 milliardar. Det varsla statsminister Jonas Gahr Støre om på måndag. Etter støtta vart kjent, la den ukrainske presidenten, Volodymyr Zelenskyj, ut ei helsing på Twitter, der han takka Noreg.

Den økonomiske støtta skal ifølgje Støre også vere eit klart signal til Russland om at Noreg kjem til å stå med Ukraina over lang tid.

I tillegg skal Noreg støtte land i sør som er ramma av konflikten mellom Ukraina og Russland med 5 milliardar kroner i året.

Desse pengane skal gå til hjelpearbeid og støtte til mat.


Manchester City risikerer å bli kasta ut av ligaen for regelbrot

Heimebana til Manchester City, Etihad.

Heimebana til Manchester City, Etihad. Foto: Jonny Gios via Unsplash

Premiere League-klubben Manchester City har sidan 2018 blitt granska for over hundre regelbrot. Fotballklubben blir blant anna skulda for å ikkje ha rapportert rett når det kjem til kor mykje dei tente på sponsorar. Informasjonen om spelarane sine kontraktar kan også vere feil.

Klubben nektar for regelbrota. Dersom dei blir dømt kan dei blant anna bli trekt i poeng, få bøter og hamne i ein lågare divisjon som straff.

Manchester City vart seriemeistrar i 2012, 2014 og 2018. No spekulerer fleire i om dei kan bli fråtekne titlane.


Rekordinntekt for Equinor i 2022

Olje og gass har vore ettertrakta i 2022. Avbilda er plattform Njord A, som ligg i Norskehavet. Foto: Thomas Sola / Equinor

Oljegiganten fekk eit rekordbra fjorår, med eit resultat på 234 milliardar kroner etter skatt i 2022. Det er over dobbelt så mykje som i 2021.

Ifølgje konsernsjef Anders Opedal kjem dette av energikrisa i 2022. Både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom reagerer på kor mykje pengar dei har tent.

– Desse tala skuldast jo krigen i Ukraina, så dette er ein krigsprofitt som akkumulerer på Equinor sine kontoar, seier leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, til NRK. Han meiner selskapet burde betale meir i skatt.

Natur og Ungdom meiner Equinor har eit ansvar når dei tener på høge olje- og gassprisar, og at dei framover må auke investeringane sine i fornybar energi.


Innanriksministeren i Sør-Korea for riksrett etter Halloween-ulukke

Den koreanske statsministeren Han Duck-soo på pressekonferanse om Itaewon-hendinga i november. Foto: Jeon Han/KOCIS (Koreansk Kultur- og Informasjonsteneste)

Nasjonalforsamlinga i Sør-Korea har bestemt at innanriksminister Lee Sang-min skal stillast for riksrett. Det skjer etter tragedien i 2022 der det vart massetrengsel i samband med Halloween-arrangement i Itaewon i Seoul. 156 personar omkom og 149 vart skada i hendinga.

Katastrofeplanlegginga var ikkje tilstrekkeleg i forkant av ulukka, ifølgje politikarar i nasjonalforsamlinga. Det kan ha bidratt til høgare dødstal. I tillegg har politiet og innanriksministeren fått kritikk for at det ikkje vart gjort meir for å hindre tragedien. Telefonloggar frå nødnummer viser at det kom inn fleire varsel om massetrengselen fleire timar før nokon vart skada.

No når nasjonalforsamlinga har vedteke å stille ministeren for riksrett, har grunnlovsdomstolen seks månader på seg til å bestemme om han skal bli avsett. I mellomtida er Lee Sang-min suspendert frå jobben.


✨Vekas lyspunkt✨: Iransk protestlåt vann Grammy

Skjermdump frå videoen «Shervin – Baraye | شروین – برای» på Shervin Hajipour sin YouTube-konto.

Iranske Shervin Hajipour (25) er den aller første vinnaren i den nyoppretta kategorien «Beste song for samfunnsendring» på Grammy-prisutdelinga.

Han vann for låten «Baraye» som han la ut på Instagram i september i 2022. Låtteksten er samansett a Twitter-meldingar frå unge iranarar om kvifor dei protesterer mot regimet i landet. I løpet av to dagar vart videoen sett av 40 millionar menneske, og kort tid etter vart han arrestert for «propaganda mot regimet» og for å «oppfordre til vald».

Hajipour vart lauslaten mot kausjon, men risikerer seks år i fengsel. Natt til måndag vart han historisk med Grammy-sigeren, og kunne smykke seg med det, i tillegg til å ha skriven protesthymna for demonstrasjonane i Iran.


Vil du få vekas viktigaste rett i innboksen? Registrer e-postadressa di, og få nyheitsbrev frå Framtida.no!