Ny lov skal hindre at tonnevis med mat blir kasta

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Matvett og Norsk institutt for bærekraftsforskning (Norsus) kastar kvar nordmann i snitt 43 kilo eteleg mat i året.

Det vil seie at om lag 1.200 tonn mat går i søpla kvar dag.

Mykje mat blir altså kasta i norske heimar, men over halvparten av matsvinnet skjer i matbutikkar og i resten av matindustrien.

Matsvinnet skal ned mot 2030

Regjeringa lovde i Hurdalsplattforma å utarbeide ei matkastelov, og ho kan bli ein realitet frå 2024.

Statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet. Foto: Sp

Aleksander Øren Heen (Sp), statssekretær ved Klima- og miljødepartementet, skriv til Nynorsk pressekontor at det i budsjettforliket for 2023 blei semje om at regjeringa skal setje ned eit utval som skal greie ut ei matkastelov.

– Vi arbeider med å få på plass eit slikt utval som også bør vurdere andre verkemiddel for å redusere matsvinnet ytterlegare fram mot 2030.

Øren Heen fortel at der er behov for grundige vurderingar av korleis ei slik lov skal sjå ut, kva område og aktørar ho skal omfatte og kva meirverdi lova vil gi.

– I eit slikt lovarbeid blir det viktig å dra vekslar på arbeidet som er gjort under den eksisterande bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn.

Dette er ein samarbeidsavtale, signert av fem departement og tolv bransjeorganisasjonar i 2017. Målet med avtalen er å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål.

Forslag frå Framtiden i våre hender

Miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, som arbeider for grønt forbruk og rettferdig fordeling av ressursane i verda, har kome med krav til ei matkastelov som skal gjelde matbransjen.

– Dette er ei sak med tverrpolitisk semje. Vi må ansvarleggjere fleire. Vi treng til dømes at daglegvarekjeder får selje meir mat i lausvekt slik at fleire får kjøpt det dei treng, ikkje meir. Vi får fleire einslege i Noreg, og dei treng ikkje eit stort brød som er meint for eit hushald på fire, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtiden i våre hender.

Framtiden i våre hender har lagt fram fleire krav om korleis ei matkastelov skal vere: – Vi må ansvarleggjere fleire, seier leiar Anja Bakken Riise. Foto: Mariam Butt / NTB / NPK

I forslaget frå organisasjonen står det at matbransjen skal vere forplikta til:
– Førebyggje og redusere matkasting med open rapportering om arbeidet.
– Gi vekk etande mat i staden for å kaste, gjennom å finansiere ei felles løysing for å handtere overskotsmat.
– Førebyggje matsvinn hos forbrukarar.
– Bruke ein breiare definisjon av matsvinn, kor etande mat som går til spille blir teken med.

Inspirasjon frå panteordninga

Riise Bakken seier at organisasjonen òg ønskjer at matkastelova kan bidra til å finansiere meir reklame og informasjon til forbrukarane om tips og triks for å ete opp maten.

Dei viser til panteordninga, der plastflaskeprodusentar må vere med og finansiere innsamlinga og pantesystemet. Dei finansierer òg reklamekampanjar retta mot forbrukarar.

– Litt det same blir det med ei matkastelov. Då har aktørane plikt til å hindre matsvinn og finansiere innsamling og vidareformidling av overskotsmat, men òg å sende ut informasjon til forbrukarar med gode råd og kunnskap om korleis ein kan ta vare på maten og sørgje for at mest mogleg blir ete.

Anne-Marie Schrøder er kommunikasjonssjef i Matvett. Ho meiner vi ikkje må ha «datoskrekk og heller stole meir på eigne smakar og sansar når det gjeld mat som er merkt med «best før». Foto: Matvett

Mange med datoskrekk

Anne Marie Schrøder er kommunikasjonssjef i Matvett. Ho seier auka matvareprisar gjer at det blir strammare økonomi for folk. Det fører igjen til at vi blir flinkare til å tenkje oss meir nøye om kva vi faktisk treng å kjøpe.

– Når straumprisane går opp skrur folk lyset av og varmen ned. Slike grep kan forbrukarar også gjere for å spare pengar på å ta vare på maten. Auka matprisar påverkar viljen til å bli flinkare til å kaste mindre eteleg mat i heimen og i matbransjen.

Matvett hadde ein kampanje i fjor der dei rekna ut kva ulike grupper kunne spart om dei kasta mindre mat. For det er framleis økonomien som er hovudmotivasjonen forbrukarane har til å kaste mindre mat.

– Folk ønskjer å kaste mindre. Då er det viktig å lære seg å ta betre vare på maten ein kjøper. Einslege hushald er dei som kastar mest, og særleg kastar dei mat som er ubrukt i emballasjen. Det kan tyde på at mange framleis lir av datoskrekk. Ein må ikkje vere redd for å bli sjuk, ein må stole meir på sine eigne smakar og sansar når det gjeld mat som er merkt med «best før», seier Schrøder.

Ho meiner både matindustrien og forbrukarar heng etter.

– Matvarebransjen har samla redusert matsvinnet med 14 prosent. Men dei bedriftene som er tilslutta bransjeavtalen har redusert langt meir. Difor er det viktig å få med flest mogleg i den avtalen. Når vi målar kva vi kastar, er det enklare å bli betre. Difor er det viktig at vi kan motivere fleire inn i bransjeavtalen i tillegg til å sjå på om det er behov for andre verkemiddel.

Både matindustrien og forbrukarane heng etter i å redusere sitt eige matsvinn, seier Anne Marie Schrøder i Matvett. Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB / NPK

Akseptere mindre utval?

Schrøder meiner at det viktigaste er å bli flinkare til å førebyggje at matsvinn oppstår, både i matbransjen og i hushalda, ved å produsere og kjøpe inn riktig mengde mat.

Samtidig kan dette gå ut over utvalet i daglegvarebutikkane.

– Det er ikkje nødvendigvis ein menneskerett å ha 20 ulike pastatypar tilgjengeleg. Om jorda skal vare lenge og gi gode levevilkår for barna våre, må vi kanskje ha eit smalare utval på ein del varer. For eksempel må vi kunne leve med at det er færre ferske brød mot stengjetid for å hindre at butikken kastar brød som ingen har kjøpt.

Også Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender seier ein konsekvens av ei ny matkastelov kan bli eit mindre tilbod til kundane, med mindre ferske daglegvarer tilgjengeleg heile dagen, som i dag.

– Tilgangen på ferskvarer er ein av grunnane til at det blir kasta så mykje. Forbrukarane har blitt vande med at det er ferskt brød i butikken heile tida, også like før stengjetid. Om ikkje dette ferske brødet blir selt, blir det kasta og eit nytt blir bakt.


Les også: Susanne er matreddar – her er hennar beste tips mot matsvinn

Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn.

Matsvinn står for opptil ti prosent av klimautsleppa i verda. Matreddar Susanne Nordvang Nesse frå Bømlo er aktiv i sosiale medium i kampen mot matsvinn. Foto frå TikTok