Edith Meek Allern
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kristin Soraya Batmanghelichi er førsteamanuensis i studiet av det moderne Iran ved Universitetet i Oslo. Foto: UiO

Kristin Soraya Batmanghelichi er førsteamanuensis i studiet av det moderne Iran ved Universitetet i Oslo, og forskar mellom anna på iranske kvinnerørsler.

Ho møter Framtida.no over ein kaffi for å snakke om demonstrasjonsbølga som skakar det iranske regimet. Protestane er utan sidestykke i landet sidan førre revolusjon og blir brutalt slått ned på av regimet, som skal ha vedteke massedødsstraff for dei som deltek i protestar og arrestert 14 000 demonstrantar.

Dette til lydar rundt oss av kafésurr, trikkar og Abba-låten «Thank you for the music», som blir spelt over høgtalarane.

– Dette er ei anna verd, veit du, påpeikar Batmanghelichi.

Uroa for ringverknadene av den minste kvinnefrigjering

Gnisten for opprøret som har sett iranske gater i brann var dødsfallet til Mahsa Amini, som på kurdisk heiter Jina Amini. Den 22 år gamle kurdiske kvinna blei arrestert av det sokalla «moralpolitiet» for ikkje å ha dekt håret tilstrekkeleg og døydde i varetekt.

DØD ETTER PROTEST: Mahsa Amini vart arrestert for å ikkje bruke hijab i tråd med loven i Iran.
Foto: Familien til Mahsa Amini

At dette så eksplosivt utløyste landsomfattande protestar, meiner Batmanghelichi skyldast at det er noko særleg symbolsk og politisk ved hijaben i iransk historie.

– Hadde ho døydd under andre, like undertrykkjande omstende, er eg ikkje sikker på at det ville utløyst same reaksjon, seier ho på engelsk.

Hijab har vore brukt politisk til å bestemme kva rolle kvinner skal ha, forklarar Batmanghelichi. Ho poengterer at det ikkje berre er den islamske republikken som har gjort dette, og viser til Reza Sjah Pahlavi. Under målet om å «modernisere» Iran blei kvinner nekta å ha på seg slør eller tradisjonelle kjolar, fortel ho.

– Som i resten av verda, har kontroll over kvinnekroppen vore eit verkemiddel skiftande regime har nytta for å oppnå måla sine, seier Batmanghelichi.

For å forstå påbodet frå det noverande regimet, er det naudsynt å forstå det islamske revolusjonære verdisystemet dei kjem frå, understrekar ho.

– Kvinner og menn blir forstått som grunnleggjande forskjellige, og kvinner er pålagt eit særleg ansvar for sømmeleg åtferd mellom kjønn, forklarar Batmanghelichi og utdjupar:

– Påbod om konservative kleskodar byggjer på den patriarkalske oppfatninga av at kvinneleg seksualitet og kropp må kontrollerast for å kontrollere menn. Forståinga er at kontrollerer du kvinner, kan du kontrollere alt.

– Om dei skulle miste påbodet om hijab, er regimet uroa for fleire krav frå aktivistar og slik kva ringverknadane av det ville bli for samfunnet, legg ho til.

Ein brei kamp for verdigheit

Batmanghelichi forklarar samstundes at situasjonen ikkje berre handlar om kvinnekamp, men snarare er ei generell rørsle av iranarar mot despoti og for sivile og politiske rettar.

– Det som starta med og er sentrert rundt kvinners rett til verdigheit og fridom, har opna dører for protest mot ei rekkje sorger i Iran, fortel ho.

– Med ei rekkje sorger meiner eg ikkje berre ein etter ein annan, men noko som kjem oppå kvarandre. Dødsfallet til den unge kvinna kom på toppen av alt. For mange er det no ikkje noko veg tilbake. Det verkar å vere brei solidaritet bak at nok er nok, seier Batmanghelichi.

Protestane mobiliserer breitt, med folk frå alle regionar og religionar, urbane, på tvers av yrke og alder – arbeidarar, professorar, oljearbeidarar, lærarar, mødrer, tenåringar og skulebarn. Batmanghelichi meiner det at barn deltek seier mykje om forholda i landet:

– Dette er heilt sentralt. Når unge jenter og gutar – 11, 12, 13 år gamle – tek saka i eigne hender og seier nok er nok, må du tenkje på at dei som andre unge har ambisjonar og draumar. Dei ser at draumane ikkje kan materialisere seg i Iran, slik forholda er.

Ho viser mellom anna til arbeidsløyse, korrupsjon, svak valuta og store restriksjonar både sosialt og økonomisk.

Det har vore veldige protestar mot regimet i Iran dei siste månadane. Foto: AP Photo/Middle East Images

Skjulte motstandsformer

Mobiliseringa omfattar òg moderate, sjølv om dei har vore meir stille, seier Batmanghelichi – men understrekar:

– Det at det er stille, treng ikkje bety at det ikkje skjer noko.

Dette er eit generelt poeng for Batmanghelichi. Ho meiner kvinner i Iran typisk har blitt portrettert som nærmast aksepterande overfor politikken til styresmaktene, og at dette byggjer på for snevre forståingar av motstandshandlingar.

Batmanghelichi visar til den iranske sosiologen Asaf Bayat sitt omgrep om ikkje-rørsler, som til dømes trekker fram at kvinner har protestert mot hijab-påbod gjennom å bruke kvit hijab ein dag i veka.

– Gjennom slike subtile motstandshandlingar får ein kommunisert til kvarandre på gata at ein ikkje støttar status quo, forklarar Batmanghelichi.

– Det er ein type gatesolidaritet, og dette er viktig, det skjer på gata, legg ho til.

Batmanghelichi forklarar at dei som demonstrerer i ikkje-rørsler typisk ikkje har ideologisk forankring eller tar sikte på å delta i statlege strukturar, men prøvar å finne måtar å moderere restriksjonar for å få eit betre liv.

Sjølv om ho meiner  varigheita til dei heilt opne protestane er oppsiktsvekkjande, forklarar Batmanghelichi i lys av desse skjulte formene for motstand at ho på ingen måte er overraska over at motstandsviljen er der:

– Eg har alltid forstått iranarar som eit revolusjonært type folk. Iransk historie viser at det definitivt er eit folk som ikkje aksepterer eit nei. Dei finn omvegar. Å vise motstand ligg i den iranske sjølvforståinga.

Lange historiske røter for revolusjonær tenking

Demonstrasjonane i Iran er dei største i landet sidan Den islamske revolusjonen i 1979. Den vestleg orienterte, eineveldige Reza Sjah Pahlavi blei då avsett etter halvtanna til to år med protestar.

Ayatollah Seyyed Ali Hosseini Khamenei. Foto: Wikimedia Commons

Opposisjonsleiaren, ayatollah Khomeini, kom tilbake frå eksil og erklærte islamsk republikk med prestestyre. Sidan har mange store protestar forsøkt å skape endring innanfor systemet, meir enn revolusjon, fortel Batmanghelichi.

– Er demonstrasjonane denne hausten å forstå som ei endring i opinionen kva gjeld revolusjon som verkemiddel?

– Iransk historie byrjar ikkje i 1979, det gir ikkje tilstrekkeleg bakteppe for å forstå konstruksjonen av revolusjonære tankar i Iran. Vi må lengre tilbake i historia for å sjå korleis idear har blitt forma og konstruert over lang tid, slår Batmanghelichi fast.

Frå eit religiøst perspektiv kan dei sjølvforståing av å vere eit folk som står opp mot makt og urettferdighet kan sporast tilbake til 600-talet, forklarar ho. Vidare nemnar ho at det i 1905- 1907 var ein innflytelsesrik revolusjon kalla Den konstitusjonelle revolusjonen:

– Den var leia av folket og offentlege intellektuelle. Dei ønska seg vekk frå dynasti og ville ha politisk representasjon og maktfordeling.

– Eg kan halde fram, seier Batmanghelichi og understrekar:

– Poenget er at grunnlaget for revolusjonær tenking i Iran har lange historiske røter, ein får ikkje byrje iransk historie i 1979.

Demonstrasjonar til støtte for ayatollah Mohammad Kazem Shariatmadari i Tabriz, 1979. Shariatmadari var i opposisjon til Khomeini og sat i husarrest frå 1982 til sin død i 1986. Foto: Ukjent/Wikimedia commons

Utrettelege protestar trass brutale motreaksjonar

Protestane er inne i sin tredje månad, trass brutale reaksjonar frå regimet.
Minst 416 menneske er drepne eller pålagt dødsstraff, inkludert 51 barn, ifølgje Iran Human Rights. Demonstrasjonane syner likevel lite teikn til å gi seg.

– Korleis er det mogleg å halde fram motstanden mot så brutale motreaksjonar?

Batmanghelichi fortel om unge som forsvinn, blir funne daude, og at styresmaktene hevdar barna har tatt sine eigne liv. Ho fortel om familiar som går på TV og forklarar at «nei, ungane mine ville ikkje døy», og understrekar:

– Når barn blir drepne, er det rett og slett ikkje noko veg tilbake.

– Det er som ein venn sa til meg: dei drep oss med hijab og dei drep oss utan. Vi følgjer reglane, og folk endar framleis opp med å bli drepne. Sånn sett, kva meir finst der å tape?


Les også: Norske kvinner og menn klipper av håret for kvinner i Iran