Ein halv million nordmenn har rydda søppel

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong ser vi ei samla oversikt over innsatsen som er lagd ned i Noreg for å rydde marin forsøpling. Det er Senter mot marin forsøpling (Marfo) som legg fram statistikken.

Tala viser at det er gjennomført 32.000 ryddeaksjonar og at 11.623 tonn søppel er rydda.

– Eg er djupt imponert over den formidable innsatsen frivillige og profesjonelle ryddarar i Noreg gjer for å redusere forsøplinga av miljøet. Dei skal vite at kvar einaste plastbit dei har plukka er fjerna frå naturen for alltid. Regjeringa jobbar for å stanse plastforureininga og sikre eit reint hav- og kystmiljø. Titusenvis av ryddeaksjonar langs heile den norske kysten hjelper oss med dette, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Industri og næring står for 38 prosent av forsøplinga, medan fiskeri og havbruk står for 22 prosent.


Les også: Den tyske landsbyen Lützerath skal jamnast med jorda – Elise (20) reiste for å stoppe det

Elise Sørensen frå Natur og Ungdom reiste til Tyskland for å delta på demonstrasjon mot gruvedrift. Foto: Isabelle D. F. Poole/Natur og Ungdom/Flickr/CC BY-ND 2.0