Det franske senatet har stemt for å få abort inn i Grunnlova

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie 24. november i fjor stemte nasjonalforsamlinga med stort fleirtal for å få retten til abort inn i Grunnlova.

Forslaget vart sendt vidare til senatet. Onsdag denne veka stemte senatet for å grunnlovfeste abortretten med 166 mot 152 stemmer.

Det melder mellom anna dei franske avisene Le Monde og Le Parisien.

Det er høgresida som har fleirtal i senatet.

Frå «rett» til «fridom»

Senatet stemte for ei anna formulering enn den opphavelege som gjekk igjennom hjå nasjonalforsamlinga. Forslaget, som var fremma av venstresida og den regjerande koalisjonen, om «retten til å frivillig avbryte eit svangerskap» var endra til «fridomen kvinner har til å avslutte svangerskapet».

Justisminister Eric Dupond-Moretti seier det er eit skritt mot eit kompromiss, ifølgje Le Monde. I oktober i fjor stemte senatet ned eit anna forslag.

Konsekvens av abortinnstrammingar

I Frankrike er retten til abort sikra gjennom Veil-lova frå 1975. I 2022 vart abortgrensa utvida frå 12 til 14 veker.

Forslaget om å få grunnlovsfesta abortretten i Frankrike er ein reaksjon på at abortretten vart innskrenka i USA i fjor.

Retten til abort har òg blitt innskrenka i Polen og Ungarn.

No må lovteksten senatet stemte for tilbake til nasjonalforsamlinga. Viss han blir vedteken der, kan det bli folkeavstemming. Endringar i Grunnlova kan bli vedtekne ved anten folkeavstemming eller med tre femdelar fleirtal i eit samla parlement i den franske kongressen, som består av både nasjonalforsamlinga og senatet.


Bilete av ultralyd

Illustrasjonsfoto: Mart Productions/unsplash