Statsministrane fekk spørsmål om dei møttest «fordi dei er på same alder» – hylla for svaret

– Me møtest fordi me er statsministrar, svarar finske Sanna Marin.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange vil lura på om de møtest berre fordi… du veit… de er i same alder… du veit… og har mange like ting der… du veit… når de kom inn i politikken og ting. Vel, kan kiwiar faktisk vente seg å sjå fleire avtalar mellom våre to land i framtida?

Spørsmålet på ein pressekonferanse fekk New Zealands statsminister Jacinda Ardern (42) og Finlands statsminister Sanna Marin (37) til å sperra opp augo.

@vicenews

Jacinda Ardern and Sanna Marin – the prime ministers of New Zealand and Finland – responded to a bizarre question from a reporter who asked if they were meeting because they’re women of a similar age. #finland #newzealand #jacindaardern #sannamarin #nz #awkward #womenoftiktok #politics

♬ original sound – VICE News

Videoen over er frå nyheitsnettstaden Vice sin TikTok. I tillegg er saka omtala i The Guardian, BBC, NPR og norske Dagbladet.

Spør nokon Obama det same?

Onsdag denne veka hadde Jacinda Ardern og Sanna Marin ein felles pressekonferanse i samband med eit politisk møte i Auckland, New Zealand.

Dei to statsministrane blir hylla for responsen på spørsmålet om dei møttest berre fordi dei var unge og hadde «mykje til felles».

– Eg lurer på om nokon nokosinne spør Barack Obama og John Key om dei møttest fordi dei er på same alder? svarar Jacinda Ardern.

– Me har sjølvsagt fleire menn enn kvinner i politikken. Det er verkelegheita. Grunnen til at to kvinner møtest er ikkje berre kjønnet deira.

– Me er statsministrar

Tema for det politiske møtet mellom dei to leiarane var handelssamarbeid og støtte til Ukraina. Ardern understrekar at deira viktigaste jobb er å fremja dei økonomiske moglegheitene som ligg i samarbeid mellom landa deira «uavhengig av vårt kjønn».

Også Sanna Marin ofrar spørsmålet eit svar:

– Me møtest fordi me er statsministrar. Sjølvsagt.

Skjermdumpar frå ulike filmar med emneknaggen #solidaritywithsanna på TikTok, Instagram og Twitter.