FHI-forskarar usikre på effekten av gratis skulemat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet har forskarar ved Folkehelseinstituttet sett på effekten av at elevane får ete gratis på skulen.

Etter å ha gått gjennom internasjonal forskingslitteratur konkluderer forskarane med at gratis skulemat har mange positive effektar, men at det er usikkert om resultata er overførbare til dagens norske forhold.

– Resultata av studiane som er overførbare til ein norsk setting, er sprikjande, heiter det i FHI-rapporten.

Studiane viser at gratis skulemat har positive effektar på ei rekkje område, mellom anna skuledeltaking, kosthald, læring, fråvær og vektutvikling.

Men ifølgje FHI er det er uvisst kva effekt eit gratis skulemåltid vil ha på akademiske prestasjonar, læring, læringsmiljø og fråvær.

FHI meiner også at det er behov for fleire og meir robuste studiar av effekten av eit gratis skulemåltid i høginntektsland som Noreg.


Unge Høgre-leiar Ola Svenneby. Foto: Unge Høyres Landsforbund