Fleire unge søkjer hjelp for spelavhengnad
Fleire unge ber om hjelp for spelavhengnad. Spillavhengighet Norge meiner moderne TV- og dataspel har ein del av skulda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Blå Kors og Spillavhengighet Norge hjelper folk med spelavhengnad. Dei ser ein del nye utfordringar på feltet, skriv NRK.
– Aldersmessig møter vi fleire unge, det vil seie i 20-åra, enn før, seier Oddvar Jordheim Tyssen, psykolog i Blå Kors poliklinikk Oslo.
Magnus Pedersen i Spillavhengighet Norge meiner moderne TV- og dataspel har ein del av skulda. Dei merkar også at ein del unge folk tek kontakt.
– Produsentane av desse spela legg inn funksjonar som liknar veldig på gambling. Lys, lyd og løfte om ein premie, kombinert med element av mystikk. Spelarane må satse eller investere for å vere med, seier han.
– Erfaringa vår er at unge gutar spesielt prøver seg fram i dataspela og får eit inntrykk av at dei er flinke til å lese spelet og føresjå resultata. Så når dei fyller 18 år kan dei ikkje vente med å prøve seg på ekte gambling, seier Tyssen.