Sjukepleiarstudentane presterte betre på årets deleksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Nokut-direktør Kristin Vinje gler seg over betring.

– Mange av dei som tek denne eksamenen kjem rett frå vidaregåande og er førstesemesterstudentar. Pandemien gjorde at desse studentane knapt hadde hatt ein eksamen før dei tok denne. At så mange har meistra denne krevjande eksamenen er veldig bra, og noko studentane kan vere stolte av, seier ho i ei pressemelding.

Anatomi, fysiologi og biokjemi

Nasjonal deleksamen blir halden i anatomi, fysiologi og biokjemi. På eksamenen i haust fekk 9,2 prosent av studentane karakteren A, noko som er den høgaste andelen nokosinne. Studentane ved Lovisenberg diakonale høgskule presterte best. Der fekk kvar tredje kandidat toppkarakter, samtidig som dei hadde den lågaste strykprosenten i landet.

Strykprosenten på årets deleksamen gjekk samtidig marginalt ned, frå 25,2 prosent i 2021 til 25,1 prosent i 2022, men er framleis høgare enn tidlegare år.

Vinje meiner at strykprosenten framleis er for høg, men at det ikkje er aktuelt å lempe på krava på eksamen.

– Frå vår side er det ikkje aktuelt å lempe på krava for å få fleire gjennom, men heller prøve å inspirere institusjonar og studentar til å gjere det endå litt betre på neste forsøk, seier ho.