Vekas viktigaste: Forslag til ny seksuell lågalder, utdanningsforbod og Zelenskyj

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Taliban har bannlyst kvinner i Afghanistan frå høgare utdanning

Afghanske kvinnelege studentar utanfor eit universitet i Kabul.

Afghanske kvinnelege studentar utanfor eit universitet i Kabul. Foto: AP Photo/Ebrahim Noroozi

Tysdag fekk både offentlege og private universitet i Afghanistan beskjed om å avslutte utdanningstilboda sine til kvinner. Dei talibanske styresmaktene har ikkje gitt nokon grunn for beskjeden, eller avklart om det er mellombels eller permanent.

Onsdag blokkerte Taliban inngangen til fleire universitet med køyretøy.

Forbodet kjem etter fleire kvinner tok opptakstest til høgare utdanning i oktober i år. Då Taliban tok over makta i landet i fjor, kom dei med fleire lovnader om at dei ikkje kom til å vere like strenge mot kvinner som før. Likevel har rettane til kvinner i Afghanistan blitt meir og meir avgrensa.

Noreg har slutta seg til fleire andre land i å fordømme utestenginga av kvinner frå høgare utdanning.


Zelenskyj besøker Washington DC

Zelenskyj i den amerikanske kongressen med det ukrainske føagget bak seg.

Volodymyr Zelenskyj i den amerikanske kongressen i etter å ha gitt eit ukrainsk flagg til dei. Foto: AP Photo/Jacquelyn Martin

Den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj reiste til USA denne veka. Han møtte med President Joe Biden og talte til den amerikanske kongressen om krigen mellom Ukraina og Russland.

I møtet med Biden takka Zelenskyj han for støtta. Biden har lova Ukraina 374 millionar dollar i humanitær hjelp, og forsvarsmateriell verdt 1,8 milliardar dollar.

Det inkluderer militære våpen.

I tillegg bad Biden kongressen om å godkjenne ei hjelpepakke for Ukraina til 45 milliardar dollar. Informasjon om reisene til president Zelenskyj har vore avgrensa sidan starten av krigen, og dette er tilsynelatande den fyrste gongen han reiser ut av heimlandet sitt sidan den russiske invasjonen i slutten av februar.


Israel dannar ei ny regjering

Benjamin Netanyahu etter han fekk i oppgåve å danne ei ny regjering.

Benjamin Netanyahu etter han fekk i oppgåve å danne ei ny regjering. Foto: AP Photo/Maya Alleruzzo, File

Denne veka presenterte Benjamin Netanyahu den nye regjeringa til Israel. Landet har ikkje hatt eit stabilt regjeringssamarbeid sidan 2019, og hadde val i november. Då fekk den nasjonalistiske høgresida fleirtal i nasjonalforsamlinga, med 64 av 120 representantar.

Netanyahu er den lengstsitjande statsministeren i Israels historie, men vart kasta i fjor på grunn av skuldingar om korrupsjon, før han i år igjen fekk i oppdrag om å danne regjering.

Partiet hans er Likud. Det er eit konservativt parti som har gått fram og tilbake på om dei støttar ei tostatsløysing med Palestina. Partiet fekk 30 representantar i nasjonalforsamlinga i 2022.

Dei har blant anna inngått avtale med det religiøse sionistpartiet. Det er eit nasjonalistisk parti på ytre høgre i israelsk politikk. Dei er blant anna for å annektere store delar av Vestbredden, som er eit palestinsk område okkupert av Israel. Partiet fekk 14 representantar i nasjonalforsamlinga.

Israelske politikarar på venstresida er no bekymra for at den nye regjeringa vil tyde ei auke i konfliktar.


Tilrår å senke den seksuelle lågalderen til 15

Justisminister Mehl får overlevert utredning om seksuallovbrudd.

Justisminister Mehl får overlevert utgreiing om seksuallovbrot.
Foto: Javad Parsa / NTB

Straffelovsrådet har kome med fleire forslag til endringar i lova om seksuallovbrot. Dette er eit utval som går gjennom straffelovene i Noreg på oppdrag frå styresmaktene.

No har dei gått gjennom alle paragrafane knytt til seksuallovbrot. Dette er nokre av tilrådingane dei kjem med for å endre lova:

  • Senk den seksuelle lågalderen frå 16 til 15 år. Samstundes vil dei gi barn som nærmar seg den seksuelle lågalderen rom til å utforske seksualiteten sin med jamaldrande, samstundes som vernet av barn under lågalderen blir styrka.
  • Avklare kva som blir rekna som samtykke. For å bli dømt for valdtekt i dag må ein ha brukt vald eller oppført seg trugande. Utvalet vil at ein også skal kunne bli dømt dersom ein har sex med nokon som i ord eller handling uttrykker at dei ikkje vil det.
  •  Avkriminalisér kjøp av sex. I dag er det lov å selje sex, men ikkje å kjøpe. Utvalet påpeiker at det er andre lover som skal verne mot utnytting av sårbare personar, og at ei avkriminalisering av sexkjøp kan styrke retten til å bestemme over eigen seksualitet.

Justisministeren har teke imot desse tilrådinga, og regjeringa skal no vurdere kva dei vil foreslå vidare til Stortinget.


Kongresskomité vil at Trump skal bli straffeforfølgd

6. januar-komitéen

6. januar-komitéen fortel kva dei har kome fram til. Foto: Jim Lo Scalzo/Pool Photo via AP, File

I etterkant av storminga av den amerikanske kongressen 6. januar 2021, vart det oppretta ein komité for å granske kor involvert tidlegare president Donald Trump var i hendinga. Komitéen avslutta arbeidet sitt måndag, og tilrår at Trump burde bli straffeforfølgt, blant anna for å ha bidratt til opprør.

Komitéen har ikkje makt til å faktisk straffeforfølgje Donald Trump, det er det justisdepartementet som gjer. Likevel er det historisk at ein komité frå kongressen kjem med ei slik tilråding.

På toppen av dette kom også frigjeringa av skattemeldinga til Trump denne veka. Det er ein sedvane, det vil seie ein tradisjon, at presidentar offentleggjer skattemeldinga si. Likevel har Trump motsett seg å gjere dette i heile perioden som president.

Skattemeldinga viser blant anna at Trump har betalt lite eller ingenting i skatt medan han var president.


✨Vekas lyspunkt✨: Paven gir tilbake greske kulturskattar

Parthenon

Parthenon ved Athen. Foto: Steve Swayne, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Pave Frans har gitt ordren om at fleire greske skulpturar i Vatikanet skal tilbake til Hellas. Han gir dei i gåve til leiaren av den gresk-ortodokse kyrkja. Kunstverka kjem opphaveleg frå Parthenon, eit tempel ved Athen via til den gamle gudinna Athene.

Dei har vore i Vatikanet sidan 1800-talet. No blir dei gitt tilbake som ein del av dialogen mellom den katolske og ortodokse kyrkja.


Fekk du med deg kva som skjedde førre veke?

Mette Frederiksen, sola og sjukepleiarar som har ei markering.

Kollasj av Framtida. Foto: Sandra Skillingsås/Arbeidarpartiet, NASA/SDO (AIA), Public domain, via Wikimedia Commons, ref= «https://unsplash.com/@mettyunuabona?utm_source=unsplash&utm_medium=referral&utm_content=creditCopyText»>Ehimetalor Akhere Unuabona on Unsplash