Kvart år sit 18 storkvalar fast i norske garn
Både knølkvalar og spekkhoggarar kan verte offer for sildegarn.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I snitt blir det fanga 7 knølkvalar og 11 spekkhoggarar i norske sildegarn kvart år. Dei fleste slepp frå det med livet i behald, ifølgje utrekningar frå Havforskingsinstituttet (HI).
Havforskarane har nyleg berekna kor mange storkvalar som blir fanga i norske fiskereiskapar. For både knølkvalar og spekkhoggarar døyr om lag 0,007 prosent av bestanden på denne måten.
Eit lite problem
– Dette er eit veldig lite problem når vi tenkjer på bevaring av bestandane. Men ut frå eit dyrevelferds-synspunkt er det problematisk med kvart dyr som blir fanga og kanskje druknar, seier havforskar Arne Bjørge i ei sak på nettsidene til HI.
Han er ein av forskarane bak ein fersk artikkel i tidsskriftet Marine Mammal Science om bifangst av storkval. Berekningane byggjer på data frå tre kjelder: Fiskeridirektoratet og Kystvaktas inspeksjonar på fiskebåtar, innmeld bifangst frå fiskarane sjølve og data frå den havgåande referanseflåten.
– I snitt går sju knølkvalar og elleve spekkhoggarar i snurpegarn under sildefisket kvart år, seier Bjørge.
Dette er relativt låge tal, meiner kvalforskaren, men i perioden frå 2016 til 2018 vart veldig mange knølkvalar og spekkhoggarar fanga i sildegarn. Då gjekk sildefisket føre seg i tronge fjordar i Troms, og det vart dermed trongare for både fiskarane og kvalane.