Marianne (18): «Jula er eit val mellom mor og far»

Marianne Steinsvåg Tollaksvik (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta fekk 3.-plass i Framtida.no, MAgasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar.

Spørsmålet som kryp oppover i halsen på meg kvart år, anten tidleg i november eller seint i oktober.

Eg prøver å svelgje spørsmålet med varme koppar ingefærte så lenge eg kan, men det går like fort kvart år før teen er kald, og valet må takast.

«Kvar skal du feire jul i år?», spørsmålet som eg meiner mange kan kjenne seg igjen i, følelsen av å ta eit val mellom mor og far.

Jul hos mor

Jula har alltid sett lik ut for meg, den einaste skilnaden er at me byter stad på julefeiringa kvart år, slik at alle søskena til mor mi skal bidra.

Me står opp tidleg i kjernefamilien her eg bur, saman med mor, stefar og to halvsøsken – og me har julefrukost. Seinare på dagen køyrer me anten til tante eller onkel, og tek resten av feiringa der.

Pinnekjøttet er me avhengige av, og det kjem aldri ei jul der eg ikkje spør tante «kan du finne eit stykke med fint kjøt for meg?», for sjølv om eg har ete pinnekjøtt i kanskje femten år, så smakar det best når nokon andre vel kjøttbiten.

Mamma og pappa er ikkje saman lenger

Eg bur saman med mor mi, og mamma og pappa er ikkje saman lenger. Det var rundt fødselen min at dei gjekk frå kvarandre, og mamma hadde meg på fulltid.

Som lita var eg ikkje særleg kjend med pappa, men eg var mykje med farmor og familien rundt. Eg hugsar at det å besøke pappa som lita alltid kjendest rart og ubehageleg.

I dag er situasjonen heilt annleis. Eg har fått eit halvsøsken på farssida også, og møter dei når eg kan. Pappa og eg kan snakke om det meste, og det er han eg kan diskutera dei store spørsmåla best med. Eg har aldri budd ei veke hos mor, og ei veke hos far, og følelsen av å pakke baggen for ei natt borte er nok for meg.

Det vanskelege valet

I høve jula får eg alltid eit val. Det er heilt vanleg å spørje vener og familie om kvar dei skal feire jul, men eg skulle ønske eg alltid kunne gitt eit kort og presist svar, og ikkje «eg skal tenkje litt til på det».

Det har alltid enda opp med at eg feirar jul med mamma, eg tenkjer det er naturleg då eg bur hos henne, og er mest saman med morssida av familien min. Samstundes har eg sidan eg var tretten år, tenkt tanken på å feire jul saman med pappa.

Eg kjenner på dårleg samvit, når eg år etter år vel å feire med mamma. Eg skulle ynskje det ikkje fanst eit slik val.  

Det er ditt val

Eg veit at det er fleire som kjenner seg igjen i dette valet.

Jula er ein så stor tradisjon i heile Noreg, og ho betyr mykje for oss. Unge med skilde foreldre kjenner på mykje dårleg samvit i juletida, for det er ikkje berre julaftan ein tek val. Det er første- og andre juledags middagar som også står for tur. Foreldre som er skilde bør handtere jula modent og ikkje gi barnet dårleg samvit for det som barnet vel, for det er til sjuande og sist, barnet sitt val.

Eg er generelt veldig glad i jula og freden rundt den. Eg er glad for å i det heile få lov å feire jul. Valet i år er også teke, eg feirar med morssida.

Det er vanskeleg å bryte ein tradisjon som jula, då eg verdset ho veldig høgt. Eg ynskjer at eg ein dag i framtida vel å feire med pappa. Det er synd at jula berre er ein gong i året, det gjer valet vanskelegare.

Lukke til, alle andre unge som kjenner på dette valet i desember – og hugs, det er ditt val, og du er ikkje åleine!


Har du noko på hjartet?
Send eit tips eller eit innlegg til tips(a) framtida.no!


Les også: «Du overlever ein liten dose Jesus oppi alle julegåvene, marsipangrisane og LED-lysa»

Hedvig Frøystadvåg (16) vann Framtida, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse om tradisjonar. Illustrasjonsfoto: kelly Sikkema, Unsplash.com