Fire kritikarroste julebøker du kan ta fatt på

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Juleoratoriet av Göran Tunström

Omslag: Cappelen Damm

Göran Tunström fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984 for Juleoratoriet. Boka blir skildra som ein generasjonskrønike som omfattar heile det menneskelege dramaet. Familien Nordensson mistar mor og kone Solveig. Solveig hadde ein draum om setje opp Juleoratoriet av Bach i kyrkja i den vesle byen Sunne. Det skal gå tre generasjonar før det skjer.

Hjem til jul av Levi Henriksen

Omslag: Gyldendal

Denne boka samlar Levi Henriksen sine novellesamlingar om jula. Novellesamlinga Bare mjuke pakker under treet kom i 2005, og blei mellom anna kåra til Årets novellesamling av lesarane til Dagbladet. Alt det som lå meg på hjertet kom i 2009.

Forteljingane handlar om den vesle staden Skogli, og alle er relaterte til jula. Det tragiske og melankolske blir blanda med humor og lettsinn. Filmsuksessen Hjem til jul av Bent Hamer er inspirert av Bare mjuke pakker under treet.

Stargate. En julefortelling av Ingvild H. Rishøi

Omslag: Gyldendal

Ronja bur på Tøyen saman med faren og storesøstera Melissa. Det nærmar seg jul, og faren har mista enda ein jobb. Søstrene må difor tene pengar på å lempe juletre og selje kransar og nek, medan faren sit på puben Stargate.

Boka blir skildra som ei rørande juleforteljing for vår tid.

En julefortelling av Charles Dickens

Omslag: Kagge

Denne treng knapt nokon introduksjon. Historia om gretne og griske Ebenezer Scrooge som blir heimsøkt av tre spøkelse er ein juleklassikar. No er historia blitt omsett av Erlend Loe og kjem med illustrasjonar av Lisa Asaito.