Desse julebøkene trendar på TikTok

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du fått med deg fenomenet #Booktok? Tiktokarane ligg ikkje på latsida, og har sjølvsagt lagt ut videoar der dei tilrår bøker med juletema.

Emneknaggen #christmasbooks har over 27 millionar visningar, og søkjer du etter christmas romance books har emnet til saman over 760 millionar visningar.

Her er nokre av julebøkene som trendar i det sosiale mediet:

@kierralewis75 #booktok #christmasbooks #christmas #bookrecommendations #holidaytiktok ♬ original sound – Kierra Lewis

The Holiday Swap av Maggie Knox

To identiske tvillingar. Tolv dagar til jul. Ei oppskrift på kjærleik. Slik blir denne juleboka seld inn. Søstrene Charlie og Cass bestemmer seg for å byte identitet for å få flykte frå sine eigne liv. Charlie er ein TV-kokk som har mista smaks og luktesansen, medan Cass er travelt oppteken med å drive familiebakeriet samstundes som ho må hanskast med ein slitsam eks.

Det blir sjølvsagt forviklingar når dei byter liv, ikkje minst når ein kjekk brannmann og ein legeassistent kjem inn i biletet …

Omslag: Hodder & Stoughton

The Twelve Dates of Christmas av Jenny Bayliss

Eller En mann til jul, som boka heiter på norsk. Kate Turner er ikkje spesielt god på forhold, og er uansett oppteken med jobben sin. Men så melder bestevenninna hennar ho på eit date-opplegg, og ho må gå på date med tolv menn før jul.

Omslag: Cappelen Damm

Window Shopping av Tessa Bailey

Det er to veker til jul og butikkvindauga på Manhattan er pynta. Stella har nyleg sleppt ut av fengsel, og står framføre eit kjent varehus, når ein sjarmerande mann som heiter Aiden spør kva ho meiner om pyntinga. Ho svarar ærleg at det er ein tragedie, og det viser seg sjølvsagt å vere butikkeigaren ho snakkar til.

Plutseleg jobbar ho med å dekorere vindauget til denne kjekke fyren. Boka blir skildra som ei hot bok av folk på internett.

A Merry Little Meet Cute av Julie Murphy og Sierra Simone

Denne boka handlar om Bee, som har ein suksessfull karriere som plus size pornostjerne, og som tilfeldigvis får ei rolle i ein familievennleg julefilm. I filmen speler ho mot ei tidlegare popstjerne og bad boy, som var barndomsforelskinga hennar. Dei to fell rask for kvarandre, og det blir heitt backstage.

HARPERCOLLINS PUBLISHERS INCamerrylittle

In a Holidaze av Christina Lauren

Maelyn Jones bur hos foreldra, hatar jobben og har nettopp gjort ei romantisk tabbe. I tillegg er det den siste jula på familiehytta, som er favorittstaden hennar. Frustrert ber ho universet om hjelp, og alt blir svart. Plutseleg har ho hamna i ei tidssløyfe der den same juleferien byrjar om att og om att.

 

@kelseylikesbooks

Christmas Books 📚🎄 #kelseylikesbooks #tistheseason #christmasbooks #booktok #bookish #booktokfyp

♬ Originalton – ☃️🤍


Skjermdump TikTok. Illustrasjon: Canva