Noreg tek etter engelsk juleboktradisjon: – Romantikk med stor R

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har vore nokre julebøker som selde veldig godt for nokre år sidan, og mange forlag har kasta seg på trenden. No blir det gitt ut eit ganske stort antal, seier marknadssjef i bokhandlarkjeda Norli Caroline H. Heitmann på e-post til Framtida.no.

Ein av julas største bestseljarar er ifølge Heitmann juleromanen Din Vilma, som er oppfølgjaren til Tre menn til Vilma, begge av norske Gudrun Skretting.

Bokomslag som lovar julestemning og romantikk. Foto: Aschehoug

Vil du ha nokre boktips? Hopp ned til 25 romantiske julebøker.

Aukande trend

Redaktør i Cappelen Damm Ida Cleve fortel at dei har satsa meir på julebøker til vaksne dei siste åra. Foto: privat

Dei siste åra har det kome stadig fleire julebøker for vaksne.

– Vi har sett det i andre land i mange år. England har ein lang tradisjon med julebøker, her kryr det av dei, stabel på stabel i bokhandelen, og konkurransen er stor i kappløpet fram mot jul. Sverige og Tyskland har følgt etter, og no ser vi ein stadig aukande trend i Noreg også.

Redaktør i Cappelen Damm Ida Cleve stadfestar at interessa for julebøker er veksande. Ho fortel at forlaget gir ut eit knippe norske og omsette julebøker kvart år.

– Vi har hatt stor suksess med 25 dager til jul av Poppy Alexander og norske Siri Østli sin Adventskalenderen for å nemne nokre.

Desse to romanane med juletema er populære hjå Cappelen Damm.

Mykje feelgood og romantikk

Julebøkene som blir marknadsførte mot vaksne kan ifølgje redaktøren handle om alt frå juletradisjonar og forventningar – på godt og vondt, til måltid, musikk, julas bodskap, om å vere gåvmild og raus.

Og ikkje minst romantikk med stor R.

– Det blir som med julefilmane. Det skal finnast noko for kvar ein smak. Nokre leitar etter ein mann til jul, eller så snublar dei tilfeldig over ein mann medan dei eigentleg leitar etter noko anna, nye og gamle venskap, ein splitta familie, ein ny start. Ofte er det ei krise som set det heile i gang, forklarar Cleve.

Ho fortel at feelgood er eit nøkkelord for sjangeren.

– Gode historier som kan framkalle både latter og tårer. Dette er med andre ord bøker du kan kose deg med i ei hektisk førjulstid eller slappe av med framføre peisen i romjula.

Bokklubben til underteikna gler seg til å lese julebøker. Årets desemberbok blei forresten «Advent» av Gunnar Gunnarsson. Illustrasjonsfoto: Andreea Radu via Unsplash / skjermdump chat

Heitmann legg til at vi ikkje må gløyme julehefte, som vi har ein lang tradisjon for i Noreg.

  • Vil du lese ei bok som gir julestemning i adventstida? Då bør du sjekke ut denne lista:

Romantisk feelgood

Adventsgaven av Jenny Gladwell

Her får du både Oslomarka og Trafalgar Square i ei og same bok.

Ein britisk journalist, Jane, blir sendt til Noreg for å skrive om juletreet Oslo gir i gåve til London kvart år. Du veit det treet britane alltid klagar over er stygt. Uansett, kanskje kan turen kurere kjærleikssorga hennar? Og kva skjer når Jane kjem over nokre gamle brev frå krigen i skogen mellom ein ung soldat og ei mystisk kvinne, som endar med ei lidenskapleg bøn? Det må ho jo finne ut meir om.

Omslag: Gyldendal

25 dager til jul av Poppy Alexander

Boka handlar om Kate, som hatar desember etter at ektemannen drog i krigen og aldri kom tilbake. Ho er einsam og treng eit julemirakel, og bestemmer seg for å prøve å lage tidenes beste jul for sonen Jack. Kate har planlagt alt, men uventa ting kan skje.

Omslag: Cappelen Damm

Jul på øya av Jenny Colgan

Jenny Colgan har skrive fleire populære bøker frå Skottland, og sjølvsagt er det jul i desse seriane òg. Du kan faktisk lese to juleromanar frå serien som handlar om den skotske øya Mure.

Den første, Jul på øya, handlar om Flora som er gravid med den tidlegare sjefen sin, og som er redd for å fortelje det til han. Samstundes freistar Saif, som er flyktning frå Syria, å feire si første jul Vesten med sønene sine.

Omslag: Gyldendal

Jul på øyas hotell av Jenny Colgan

I Jul på øyas hotell er Flora uroa for broren, som sørgjer over tapet av kjærasten. Før han gjekk bort, var øyas gamle hotell hans hjartebarn, og no skal Flora prøve å få hotellet klart til jul. Men det er ikkje berre lett å drive hotell saman med ein temperamentsfull fransk kokk, ei bortskjemt norsk kjøkenhjelp og ein sjenert kjøkenassistent.

PS! Colgan òg skrive ei bok som heiter The Christmas Bookshop, men ho er ikkje omsett til norsk enda.

Omslag: Gyldendal

Tre menn til Vilma av Gudrun Skretting

På eit fly frå London til Oslo blir Fredrik Mozart Sandvik funnen død, saman med ein bunke brev til dottera Vilma Veierød. Vilma kjenner ikkje til faren. Det har ikkje akkurat vrimla av menn i livet hennar, men plutseleg må ho hanskast med den døde faren, ein kjekk prest og ein patolog med verbal tourettes.

Omslag: Aschehoug

Din Vilma av Gudrun Skretting

Vilma Veierød er tilbake.

Den klarsynte Rune Eilertsen har funne eit bilete av den strenge grandtanta Vilma vaks opp hos bak ein vegg, og på baksida står det «Din Ruth». Vilma vil helst la fortid vere fortid, og freistar å opne seg for livet.

Din Vilma er ein roman om kjærleiken, og om frykta for å miste han.

Omslag: Aschehoug

Ikke bare til jul av Natalie Cox

Charlie hatar jula. Og denne jula ser ut til å bli dårleg: kjærasten har gått frå ho, mora er utanlands med sin nye kjærast og ein gasslekkasje har gjort at leilegheita ikkje går an å bu i. Så blir alt snudd på hovudet, for kusina hennar reiser til Grønland for å treffe ein mann. Charlie må difor passe hundekennelen hennar på landet, og der må ho òg jobbe saman med ein irriterande veterinær som kanskje har noko å skjule.

Omslag: Aschehoug

Flammer, snø og stjerner av Helene Holmström

Flammer, snø og stjerner blir skildra som ein «varm juleroman om ei strevsam TV-innspeling, eit uventa kyss og ein hundre år gamal surdeig.»

Nora driv eit konditori på randa av konkurs. Men så vil ein kjendisbakar spele inn eit populært juleprogram i konditoriet. Han vil endre på alle tradisjonane hennar, men etter kvart som dei brukar meir tid saman, kjem dei nærmare kvarandre.

Omslag: Bonnier forlag

Jul på Himmelfjell hotell av Kjersti Herland Johnsen

Ingrid Berg er ein kjend fjellklatrar og ekspedisjonsleiar som vender heim frå utlandet for å ta over familiehotellet Himmelfjell hotell. Det er snart jul, og då kjem det mange gjestar til hotellet. Men ikkje alle ønsker at ho skal få til å drive hotellet, og attpåtil har Ingrid blitt redd for høgder.

Omslag: Cappelen Damm

Juleønsket av Tracy Rees

Etter at kjærasten forlét ho og no ventar barn med ei anna, føler ikkje Holly for å feire jul. Edward og hans åtte år gamle dotter Eliza flyttar til landsbyen, og Holly blir læraren hennar. Eliza er ei stille og forsiktig jente, som Holly vonar ho kan hjelpe. Ho får god kontakt med faren, men vil beskytte hjartet sitt, trass i gnisten som oppstår mellom dei.

Omslag: Cappelen Damm

Den beste julegaven av Anne Marie Ryan

Nora og Simon gler seg til jul, trass i at bokhandelen deira slit økonomisk. Dei bestemmer seg for å sende ut seks ulike bøker til folk som kan trenge ei oppmuntring, som ei siste gåve til landsbyen. Desse bøkene vil vere med på å endre folks liv til det betre, sjølv om det kanskje er for seint å redde bokhandelen.

Omslag: Cappelen Damm