Tusenvis av studentar har i haust fått betalt tilbake depositumet sitt fordi samskipnadene praktiserte reglane feil. Det kjem fram i ein forskingsartikkel.
NPK-NTB
NPK-NTB

– Det viser at arbeidet ein gjer på kontoret ikkje er bortkasta, seier førsteamanuensis Marius Storvik til Khrono.

Han har skrive forskingsartikkelen «Er studentsamskipnadenes depositumspraksis lovlig?», der han kjem fram til at praksisen som har vore i bruk, ikkje følgjer lovverket.

Overfor nettavisa opplyser dei åtte studentsamskipnadene i landet at dei no skal betale tilbake deposituma til studentane. Ei førebels oppteljing viser at samskipnadene betaler minst tilbake 160 millionar kroner.

Samtidig har alle samskipnadene lagt om praksisen, eller er i ferd med å gjere det.


Foto: Jannicke Totland / NPK / Illustrasjonar: Canva / Kollasj: Framtida.no
ANNONSE