Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 22.05.2023 14:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han, solo er debutboka til Robin Van de Walle. Hovudpersonen prøver å henta seg inn igjen etter eit vondt kjærleiksbrot. Det gjev eit godt utgangspunkt for å spinna tankar om einsemd og kjærleik.

Boka let det ikkje vera tvil om kven som slo opp. Det er den mystiske «Han» som me får veta lite om som overraskande forlét eg-forteljaren i boka. Det som har vore eit anker i livet forsvinn – og hovudpersonen vår må på ny overtyda seg sjølv om at han faktisk er eit menneske.

Han, solo har elles fine passasjar om alle dei andre sidene av korleis det er å vera ein ung vaksen på byrjinga av 2020-åra. 

Best når tankane flyt fritt

Dei beste partia i romanen kjem når forfattaren skyv handlinga i bakgrunnen og let tankane flyta fritt.

Særleg er det hjarteskjerande å lesa kor presist einsemd og sakn blir skildra. Van de Walle har òg eit godt språk for å setja ord på sider ved kjærleiken. Eit godt døme er korleis han skriv om at kjærleik kan vare sjølv om ein har blitt forlaten:

Det skremmer meg, at kjærleik kan halde fram slik. Som ein slepande sjukdom. Eit virus som kroppen ikkje klarer å få ut av systemet. Ein zombie-kjærleik – eit dødt, rotnande lik som ikkje fell til ro. Og at dette liket er det vakraste og mest kostbare ein eig.

Ein kan mistenkja at Van de Walle kunne vore ein vel så god essayist som romanforfattar. Eg håpar i alle fall at det etter kvart kan koma ei essaysamling frå pennen hans.

Kill your darlings!

Forfattaren burde vore betre på ta livet av kjæledeggane sine. Med jamne mellomrom får prosaen hans eit klisjéaktig preg – som om teksten er skriven for å etterlikna anna litteratur.

Fleire av dei openljose referansane til andre bøker og forfattarar verkar òg malplasserte. Teksten til Van de Walle er solid og sterk nok til at han ikkje treng å påkalla gamle heltar for å gjera romanen interessant.

Tvert om! Påfunn som «Eg tar ei bok ut av hylla, blar litt, luktar på papiret, og set henne tilbake på plass. Uroenes bok av Pessoa. Eg kjenner meg uroleg, eg òg.» øydelegg flyten i teksten. Eg vil ikkje ha oppbrot i teksten der forfattaren fortel kva bøker han har lese. Eg vil ha dei ømme skildringane av kor einsamt tilværet i verda kan vera.

Emosjonell sanning

På sitt beste er Han, solo eit høgdepunkt i norsk samtidslitteratur. Boka er ikkje revolusjonerande. Mykje har me sett før, det ringjer kanskje nokre bjøller viss eg fortel at forfattaren skriv (delvis) sjølvbiografisk om å vera midt i 20-åra og bu i Bergen.

Men heldigvis klarar Van de Walle å fornya stoffet og gje friske pust. Etter å ha lese boka veit eg litt meir om kjærleik enn det eg gjorde før.

Viktigast, så klarar romanen å gje det nærværet og den emosjonelle sanninga som berre skjønnlitteratur kan gje.


Forfattardebutant Robin Van de Walle (28) er oppvaksen i Belgia, flytta til Oslo i 2014 og vidare til Bergen under pandemien. foto: Helge Skodvin

Han, solo

  • Forfattar: Robin Van de Walle
  • Forlag: Cappelen Damm
  • Gitt ut: Haust 2022
  • Sjanger: Roman