Julija (29) vart frifunnen for teikningane sine – flyktar frå Russland

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kort tid etter at rettssaka mot ho var ferdig, flykta kunstnar og aktivist Julija Tsvetkova frå Russland.

29-åringen seier til Forbes Russia at ho ikkje har noko att i Russland. Ingen vennar, ingen kollegaar, ingen mogelegheit til å undervise og arbeide som kunstnar.

I heimbyen trekker folk seg unna ho på gata, fordi ho er stempla som ein utanlandsk agent.

Når propagandalova i landet no vert utvida til å òg forby LHBT+-informasjon retta mot vaksne, så trur ho det berre er eit spørsmål om tid før ei ny sak vert reist mot ho:

– For eg personifiserer alt styresmaktene våre ikkje likar, seier ho til magasinet.

Skulda for å «spreie pornografi»

Julija Tsvetkova vart arrestert i 2019 i heimbyen Komsomolsk-na-Amure, heilt aust i Russland. Ho var skulda for å «spreie pornografi» og for å «forureine sinnet til barn», fordi ho delte teikningar av kvinnekroppen på nett.

På VKontakte, det russiske alternativet til Facebook, delte kunstnaren teikningar på sida Vagina Monologues.

– Eg trudde ikkje det var mogeleg å finne noko ulovleg i dette – men det viser seg at dersom ein verkeleg vil, så kan ein, uttalte Tsvetkova, etter at ho kom i politiet sitt søkjelys.

Tekstane på bileta til Tsvetkova seier ting som: Ei levande kvinne har hår på kroppen, og dette er normalt. Illustrasjon: Julija Tsvetkova

Ho vart sett i husarrest, pålagd reiserestriksjonar, og risikerte fleire år i fengsel.

Medan ho venta på rettssaka om dei kroppspositive teikningane, vart Tsvetkova dømd to gongar til bøter for å ha spreia «propaganda om ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar blant mindreårige». Det har vore ulovleg i Russland sidan 2013.

Den eine teikninga ho vart dømd for synte likekjønna par med teksten «Familie er der kjærleiken er».

Slike illustrasjonar meiner russiske styresmakter er propaganda om ikkje-tradisjonelle seksuelle forhold. Illustrasjon: Julija Tsvetkova

Eit sjeldan døme på rettferd

Etter nesten halvtanna år med etterforsking, byrja rettssaka mot Julija Tsvetkova i april 2021. Rettsprosessen varte heilt til sommaren i år.

15. juli i år vart Julija Tsvetkova frifunnen. Veka etter vart dommen anka, men anken vart kasta av domstolen 22. november.

Amnesty International skildra frifinninga som eit sjeldan døme på rettferd i dagens Russland.

– Den undertrykkjande arkitekturen bygd av Vladimir Putin sin administrasjon i løpet av dei to siste tiåra, har som mål å føre absurde rettssaker baserte på grunnlause skuldingar – og det er sjeldan nokon slepp unna klørne til dette systemet.

Det sa Natalia Zviagina, russlanddirektør i Amnesty International, etter ankedomstolen vidareførte frifinninga.

– Dette er ikkje som på film

Til Forbes Russia, seier Julija Tsvetkova at endå ho er frifunnen så har ho ikkje slept unna systemet.

– Dette er dessverre ikkje som på film, der ein kan ri inn i solnedgangen, etter at rettssaka vert avslutta med siger, seier 29-åringen til magasinet.

Ho vil ha kompensasjon, har fleire byråkratiske barrierar å overkome, og eit utanlandsk agent-stempel hengande ved seg. Det hindrar ho i å undervise. I tillegg fryktar 29-åringen nye saker mot seg.

Julija Tsvetkova forlét difor heimlandet med ein gong rettsaka mot ho var ferdig.

– Eg visste at eg ikkje kunne verte verande. Det var ei flukt frå nye kriminalsaker og frå fortsetjinga av dette marerittet, sa ho til avisa Meduza.

Sjølv om ho sigra i retten, så kjenner ho ikkje at ho har vunne. Når og om ho får sjansen, vil 29-åringen seie frå seg det russiske statsborgarskapet sitt.

– Det er ingenting som kan gje med desse tre åra tilbake, seier ho til Meduza.


Skjermdump frå Instagram-kontoen til Veronika Loginova.