Nytt «propagandakurs» på russiske universitet: – Truleg det farlegaste som skjer i Russland akkurat no

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er truleg det farlegaste som skjer i Russland akkurat no. Det er det siste i rekkja av åtak på den akademiske fridomen.

Det seier Greg Judin til Times Higher Education, gjeve att hjå Khrono, som først omtalte saka. Judin er professor ved Moscow School of Social and Economic Sciences.

Minner om korleis nazistane arbeidde

Lite er visst om studiet, som kan verte omsett til «grunnleggjande russisk statsvitskap». Men det skal innehalde tre hovudstolpar: nasjonale mål, historiske erfaringar og sosiologiske undersøkingar.

Kritikarane meiner studiet er eit forsøk frå styresmaktene på å halde fram indoktrineringa av russiske ungdomar, og nokre kallar det eit «propagandakurs», ifølgje Khrono.

Judin samanlikningar mobiliseringa i Russland i dag med korleis nazistane arbeidde inn mot ungdommar. Forskar Svetlana Shenderova trur på si side ikkje russiske studentar vil late seg hjernevaske.

– Faget vil verte møtt med hat. Dei som innfører dette no skyt seg sjølv i foten, seier ho ifølgje Khrono.

Patriotismetimar òg for yngre

Det er ikkje berre i høgare utdanning dei russiske styresmaktene har teke grep.

Dei siste to månadane skal elevar i Russland ha starta skuleveka med faget Samtalar om viktige ting, melder den tyske kringkastaren Deutsche Welle.

Nokre gongar er desse samtalane om morsdag eller farsdag, andre gongar vert elevane fortalde kvifor okkupasjonen av ukrainsk territorium er «historisk rettferd», fordi det «opphaveleg var russisk territorium».

Til Deutsche Welle fortel ein vidaregåandeelev frå Kaliningrad om kva ho lærte i patriotismetimen sin førre månad:

– Russland vert stadig angripe av nokon og alle vil øydelegge landet.

Då president Vladimir Putin besøkte ein patriotismetime i nettopp Kaliningrad i september, fortalde han elevane at målet med invasjonen av Ukraina var å «beskytte Russland». Ukraina skildra han som ein «antirussisk enklave», ifølgje BBC.


Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon 20. februar 2022 i Odesa, Ukraina. Dei frammøtte demonstrerte mot ein potensiell russisk invasjon. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti