Bagett, moderne dans og bjørnefestival får verdsarvstatus

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Immateriell kulturarv er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført mellom folk. Unesco-lista inneheld tradisjonar, kunst, språk, ritar og anna som blir rekna som kjelde til identitet med forankring i historia.

Du hugsar kanskje at den norske oselvaren kom inn på lista i 2016, eller at Napoli fekk verdsarvstatus på pizzaen sin i 2017?

Her er nokre av dei som har fått plass på årets liste:

Bagetten 🥖

Bagetten er det mest populære brødet i Frankrike. Ifølgje NTB blir det seld rundt seks milliardar bagettar årleg der!

President Emmanuel Macron har i fleire år ønska å få bagetten inn på Unesco-lista. Frå før av er det franske kjøkenet rekna som verdsarv.

No er det altså handverkskunnskapen og kulturen rundt bagetten som blir rekna som immateriell kulturarv av Unesco.

På Twitter jublar president Macron, og seier det har vore ein lang kamp for at desse 250 gramma med magi og perfeksjon skulle få si anerkjenning.

Bjørnefeiring i Pyreneane 🐻

Bjørnefestivalen finn stad kvar vinter i fem landsbyar i fjellkjeda Pyreneane i Andorra og Frankrike. Unge menn kler seg ut som bjørnar og spring gjennom gatene medan dei freistar å fange folk, og resten jaktar på bjørnane. Det er òg dans, talar på katalansk og musikk.

Tradisjonen symboliserer slutten på vinteren og at våren kjem på nytt, med bjørnen som vaknar frå dvalen sin.

Manuell klokkeringing 🔔

I Spania har klokkeringing i fleire hundre år fungert som eit uttrykks- og kommunikasjonsmiddel, og fylt ei rekkje sosiale funksjonar, skriv Unesco. Dei koda meldingane som blir formidla gjennom klokkeringinga, bidreg til å strukturere det lokale livet, og er ein sentral del av lokale arrangement, feiringar og førestillingar.

Ulike teknikkar, dugleikane til ringarane og eigenskapane til dei aktuelle klokkene og tårna gir eit breitt utval lydar.

Raï-musikk 🎶

Raï er algerisk folkemusikk som stammar frå byen Oman på 1920-talet. Songarane blir kalla cheb. Tekstane er eit middel for å formidle den sosiale røynda utan tabu og sensur, skriv Unesco. Tema som går att er kjærleik, fridom, fortviling og sosialt press.

Tradisjonelt blei raï sunge av menn på landsbygda, med poetiske tekstar på arabisk akkompagnert av tradisjonelle instrument. Etter kvart har det blitt vanleg med også kvinnelege songarar. Musikkforma har slått igjennom nasjonalt, og seinare òg globalt takka vere store stjerner som Mami og Khaled.

Moderne dans i Tyskland 💃

Moderne dans i Tyskland har òg fått plass på verdsarvlista. Dansestilen skil seg frå dei strenge reglane i klassisk ballett, og Tyskland har vore leiande i utviklinga av danseforma. I moderne dans søker dansarane eit naturtru uttrykk som reflekterer kjensler og livserfaringar.

Unesco skriv at moderne dans i Tyskland blir praktisert og undervist av dansarar, koreografar og dansepedagogar i ulike aldrar og stilar. Frå eit sosialt perspektiv blir det sett på som ei kjelde til sosial samhøyrsle, integrasjon og inkludering.

Borsjtsj 🥣

Borsjtsj er ei grønsaksuppe med raudbet som hovudingrediens.

Den tradisjonelle ukrainske matretten har hamna på Unesco si liste over truga kulturelle tradisjonar (List of Intangible Cultural Heritage in Need of Urgent Safeguarding). Den russiske invasjonen kan skade rettens posisjon som ein del av kulturarven i Ukraina.

Praksisen går fleire hundreår tilbake og samlar menneske i alle aldrar. Unesco skriv at retten er eit uttrykk for gjestfridom, som òg blir brukt i rituelle praksisar.

Kun Lbokator, tradisjonell kampsport i Kambodsja 🥋

Kun Lbokator er ein kampsport som går tilbake til det første hundreåret. Kampsporten skal utvikle mental og fysisk styrke og disiplin gjennom sjølvforsvarsteknikkar og ein filosofi om ikkje-vald. Meistrar underviser lærlingar om deira rolle og ansvar i samfunnet, og nokre av meistrane seiast òg å ha lækjande og beskyttande krefter, skriv Unesco.

Kun Lbokator blir framleis praktisert aktivt som ein del av ritar til lokale gudar og i andre festlege høve.

Traditional tea processing techniques and associated social practices in China

UNESCO 

  • UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon
  • UNESCO står for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization.