Natur og Ungdom om statsbudsjettet: – Skuffa over at dei ikkje kom lenger
SV har forhandla fram viktige klimagrep i statsbudsjettet, meiner klimaorganisasjonane, som likevel meiner budsjettet ikkje held mål.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Greenpeace Norge, Frode Pleym. Foto Greenpeace
– SV skal ha honnør for å ha kjempa med nebb og klør for å forbetre eit oljesvart budsjett. Men det er skuffande at regjeringa ikkje har gått lenger for å møte åtvaringane frå klimaforskarar og krava frå SV. Europa skrik etter energiomstilling, men regjeringa tviheld på å bruke dei store pengane og dyktige arbeidarar på meir oljeleiting, seier Greenpeace-leiar Frode Plyem.
Les også: Lyser ikkje ut meir oljeleiting før 2025
Natur og Ungdom: – Grå betongvegg
Han får støtte frå Natur og Ungdom, som også er skuffa over heilskapen.
– Vi rosar SV for at dei har klart å flytte på den grå betongveggen av ei regjering vi har. Utsetjinga av 26. konsesjonsrunde ut perioden og SVs andre gjennomslag er steg i rett retning. Vi er likevel skuffa over at dei ikkje kom lenger. Mesteparten av olja og gassen er framleis tilgjengeleg gjennom TFO-ordninga, og seinast i dag understreka IEA endå ein gong at det ikkje er rom for meir oljeleiting om vi skal halde 1,5-gradersmålet i live, seier Natur og Ungdom-nestleiar Simon Balsnes.

SV-leiar Audun Lysbakken, statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) presenterte budsjettavtalen tysdag kveld. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur. Foto: Elin Eike Worren / WWF Verdens naturfond
WWF: – Avhengige av SVs innsats
Verdsnaturfondet (WWF) trekkjer fram mange gode grep i budsjettet, som styrkinga av Enova på 900 millionar kroner, og dessutan klimasatsordninga for kommunane på 100 millionar kroner.
– Arbeidarpartiet og Senterpartiet leverte eit utruleg svakt budsjett på både natur, klima og bistand, og gløymde tilsynelatande at natur og klima skulle vere ramma for all politikk. I røyndommen gjorde dei seg avhengige av SVs innsats for å halde sine eigne løfte, seier WWF-generalsekretær Karoline Andaur.
Les også: WWF etterlyser «Parisavtale» for naturen

Austleg låglands-gorilla har hatt ein nedgong på 80 prosent mellom 1994 og 2019. Foto: Johnny Africa/Unsplash.